I morgon, fredag, fyller gründeren og mannen bak den kjende Grøvikrenna, 90 år. Det vert litt feiring.

– Men eg kunne godt ha vore utan denne dagen, seier jubilanten då vi besøker han på rommet sitt på Ørstaheimen. Vi har også med oss sonen Kåre Liadal junior, noverande leiar på den botnsolide takrenne-fabrikken i Liadal.

Far Kåre Liadal senior er ikkje laga slik at han kastar ut dei store orda. Men når vi spør gründeren kva han synest om Grøvik Verk si utvikling, får vi høyre at Kåre senior er godt nøgd med måten junior driv bedrifta på.

90-åringen Kåre Liadal senior er mannen som saman med svogeren Jørgen Velle sådde eit industrifrø og som etter mykje prøving i kjellaren heime i Bjørndalen i Liadal utvikla ei takrenne av aluminium. Året var 1956, og den då 29 år gamle Kåre Liadal var klar for å presentere takrenna i marknaden. Resten av historia kjenner vi. I dag er Grøvik Verk i Liadal ei høgst oppegåande industribedrift, ein produsent av aluminiumstakrenner, og ein aktør som aldri har hatt raude tal.

– Om eg er stolt av Grøvik? Nei, eg er ikkje slik laga at eg brukar ordet stolt om ei bedrift. Vi hadde litt flaks også då vi bygde opp for takrenneproduksjon. Eg visste at aluminium var noko som var lett å forme. Skulle vi lage takrenner, måtte vi ha eit sterkt materiale som var rustfritt og som heldt seg godt. Med god hjelp utanfrå fekk vi det til, fortel 90-åringen.

Sonen Kåre har respekt for det faren bygde opp. Og stolt er han også.

Industrieventyr

– Far la eit stort grunnlag for eit industrieventyr. Han har alltid hatt ei innstilling om at alt som vart levert skulle vere skikkeleg. Det skulle aldri lempast på kvalitetskrava. Denne haldninga har vi halde fast ved, Grøvik har difor opparbeidd seg eit godt rykte for kvalitet, seier Kåre Liadal junior.

Grøvik Verk har eksistert i 61 år. Og situasjonen er uendra: bedrifta går godt. Kåre Liadal junior håper i år på kring same omsetning som i fjor, vel 70 millionar kroner.

– Vi har bidrege positivt til samfunnet, og har sikra mange stabile og trygge arbeidsplassar. Sjølv om talet på arbeidsplassar er nedjustert grunna nødvendige rasjonaliseringstiltak, har bedrifta dei siste tretti åra hatt same tal årsverk med kring 25 tilsette. Og produksjonsmengda er dobla.

– Siste åra har vi produsert kring 1,2 million meter takrenner i året. Salet har vore jamt siste åra. Første delen av dette året har vi merka litt at det er ein viss nedgang i byggjebransjen, men det er frå no og utover det verkeleg startar for oss, og det er no dei store ordrane kjem, seier Liadal junior.

Einaste i landet

Medan Grøvik Verk er landets einaste produsent av takrenner i aluminium med ein marknadsdel på tretti prosent av takrennemarknaden, er det no fleire utanlandske produsentar som satsar på dette, og produkta kan vere på veg inn i den norske marknaden frå andre enn Grøvik. Men Liadal junior stressar ikkje.

– Vi merkar ikkje noko til dette no. Så lenge vi har gode prisar og høg kvalitet skal vi klare å henge med. Og så er det positivt at aluminium vert sett på som ei byggevare for framtida. På den måten kan det vere lettare for oss å kome inn i nye marknader, vurderer Liadal junior som i fjor gav 31.600 kroner i bonus til dei tilsette med fullt årsverk.