– No går det heller seint. Vi har svært gode avlingar, men det blir vanskeleg å slå når det er slike mengder vatn i marka. Men det er meldt godt vêr frå onsdag til fredag klokka 12, så då blir det døgnslått, natt og dag, fortel Arnt Magne Engeset, der han står heime på Engeset.

Generasjonar

Arnt Magne er tredje generasjon på Engeset. 200 meter lenger oppe vaks han opp på garden til foreldra, og 50 meter lenger fram budde besteforeldra før.

Arnt Magne fortel at straks det blir fint vêr, er han nøydd til med døgndrift. Alt av finvêr må utnyttast. Storbonden på Engeset har 1000 rundballar, og driv stort. Han er ein mann som alltid har noko å henge fingrane i, det er arbeid å finne 24/7.

– Det er ikkje nødvendigvis helg klokka fire fredag ettermiddag!

Biinntekter

Gardsdrifta er berre ein av to jobbar, der den andre er massetransport og snørydding.

– Etter 20 år i same snøroda kan eg køyre den i blinde. Eg tek Engeset, Nupen, Ose og Rystefeltet i ein sleng. Siste fire åra har eg hatt ei god kontrakt med Ørsta Kommune.

Elles hentar Engeset inntekt ved å ha fôrkundar i Follestaddalen, som han er nøydd til dersom han skal kunne ha så mykje gras, fordi han har altfor mykje til eige bruk. I ei litt tøffare tid innanfor landbruket, fortel Engeset at biinntekter på t.d. dette med fòr er viktig.

Vartdal

Geir Hole er ikkje begeistra for regnet.

– Eg har fått slege 30–40 mål, med andre ord ikkje so mykje. Det er tungt å få graset dit det skal, det blir veldig mykje tyngre når det er fylt med regn. Derfor fortørkar eg graset eit døgn, for at det skal bli lettare å få flytta det frå marka. Meldt fint vêr på torsdag, men ein dag er lite for å få gjort arbeidet som skal til.

Hole fortel at det er mange år sidan graset har vore so vått, og han stolar ikkje heilt på vêrmeldingane.

– Eg må innrømme at eg ikkje er optimistisk for resten av veka, med tanke på at det berre er meldt éin dag opplett.

Sæbø

– Det regnar på Sæbø også. Graset må takast mellom byene. Ein kald mai månad gjorde at avlingane vart gode, derfor passar det eigentleg dårleg med at det er vanskeleg å få slege no, sidan det er store mengder, seier Magne Riise. Han er ein del av sameiget på tre bønder som heiter Sæbø storfe. Riise sjølv driv med mjølkekyr og oksar.

Lystad

– Regn skaper utfordringar. Eg har stort sett fått slått bakkane, men er berre halvvegs komen i forhold til kva eg skulle ha vore. Dette gjer at når det fyrst er opplett, er ein nøydd til med døgndrift. Eg vil derfor be om tolmod med folket, for det kan bli støy om nettene.

– Elles må bakkane leggast på is no, og fokuset må ligge på flatene, for bakkane er eit tungt, tungt arbeid med slike mengder med nedbør det har vore i det siste.

Lystad har 160 mål med bakkemark, og 200 mål med flatemark. Han fortel at manglande sol gir manglande sukker i graset, som er viktig for fôret sin kvalitet.

Av Åsmund Brunstad Øyehaug

Blid: Trass dår­leg vêr, stil­ler Dag­ros med sin dag­le­ge hu­mor fram­me på En­ge­set. Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug