Det kjem fram i eit brev NAV har sendt til Per Magne Mork og Arne Johan Rebbestad, eigarane av Tindebygget. Brevet er referert i sakslista til Volda kommunestyre.

Kontrakten skal etter planen signerast i dag, torsdag, heiter det i brevet.

Fem tilbod

Det kom inn i alt fem tilbod i konkurransen om leige av lokale til NAV Ørsta/Volda. Eitt vart avvist med ein gong, slik at det vart gjennomført synfaring ved fire lokale. Desse var Tindebygget (Ivar Aasen-gata 10), Ørsta Bruk (der NAV held til i dag), Vikegata 25 og Strandgata 25. Alle tilboda var i Ørsta.

Forhandlingsutvalet konkluderte med at dei tre førstnemnde tilboda var dei mest aktuelle. Konklusjonen vart at det beste tilbodet basert på tildelingskriteria for konkurransen var frå Ivar Aasen-gata 10.

Det kjem ikkje fram kva tid NAV skal flytte til TIndebygget.