– Onsdag var elevane sin dag då vi arrangerte aktivitetsdag for heile skulen. Det viktigaste som skjedde var at elevane greidde å slå lærarane 2–1 i fotballkampen, seier kroppsøvingslærar Einar Myrold som tok på seg dommaransvaret også i år.

Ådne Aarflot Sundnes gav elevane leiinga, men frå straffemerket var Robert Fremmerlid Steinnes trygg då han utlikna. Eitt minutt før full tid var det Svea Gretland som avslutta med eit hardt skot som Martin Klein Larsen ikkje makta å redde. Dermed var det elevane som gjekk sigrande ut av den tradisjonsrike fotballkampen i år.

– På sideline stod alle 8.- og 9.-klassingane og heia. Vi hadde vêrgudane med oss heile dagen, og på formiddagen var det aktivitetar rundt heile skulen. Vi hadde og ei lang matpause med grilling og god mat, seier Myrold.

Aktivitetsdag: Malene Nora Juliebø og Ane Masdal Andersen prøver å få kvarandre ut av balanse. Foto: Einar Myrold Foto: Einar Myrold
Slak line: Malin Heggestad Nybø og Mathilde Lorentzen Høst testar sine balansekunstar. Foto: Einar MYrold Foto: Einar Myrold