– Vi treng meir tid på saka for å få meir informasjon i høve å vere med vidare i ordninga. Vi må også samordne Fairtrade-ordninga med Volda, sa Hans Olav Myklebust (Frp) då kommunestyret handsama saka.

Eit fellesframlegg frå Frp, Arbeidarpartiet og Senterpartiet vart samrøystesvedteke. I vedtaket heiter det at det skal utarbeidast ny sak der dei økonomiske følgjene for å vere med vert vurdert.

Rådmannen ville ikkje at kommunen skulle fornye statusen som Faitrade-kommune, og meinte det vil vere meir fornuftig at Ørsta kommune konsentrerer innsatsen mot primæroppgåvene og tenestene retta mot innbyggjarane i kommunen då kommunen for tida har mange store oppgåver.

Knut Stave, diakon i dei fire sokna i Ørsta og styringsgruppa for Fairtrade-kommunane Volda og Ørsta har «protestert» på at Fairtrade-statusen skulle forsvinne.