Det har kommunestyret i Hornindal vedteke. Dei gir administrasjonen fullmakt til å forhandle fram ein slik avtale, gjeldande frå skuleåret 2018/2019.

I sakspapira står det at det er Ørsta kommune som har teke kontakt med Hornindal kommune om kjøp av skuleplass for elevar frå Bjørke. Ørsta kommune har opplyst at dei har vorte kontakta av foreldra til borna frå Bjørke. Dei har mellom anna skrive til Ørsta kommune:

– Frå og med skuleåret 2018 ønskjer vi at borna våre får ro, og at det vert skapt ein avtale der elevane får gå eit heilskapleg løp på barnehage og skule på lik linje med born frå Hornindal krins. I opptak til barnehage vert borna prioritert på lik linje med born frå Hornindal.

For barnehageborn er det allereie ein slik avtale mellom kommunane, og no ønskjer foreldra at dette også skal gjelde skuleborna.

– Frå rådmannen si side ser vi dette som positivt. Elevtalet i Hornindal kommune er fallande, og å ta i mot elevane frå Bjørke vil vere ein viktig elevtilgang, står det i sakspapira.

Det er hausten 2018 snakk om fire elevar, men dette talet endrar seg i åra framover.

– For Hornindal kommune sitt vedkomande vil ein avtale om skuleplass for Bjørke-elevane ikkje utløyse klassedeling eller andre kostnadsdrivande tiltak. Rektor ved Hornindal skule er også positiv til at det vert inngått ein slik avtale.

I forhandlingane vil det også måtte verte teke høgde for at Hornindal og Volda vert ein kommune frå 1. januar 2020. Volda kommune er også orienterte om kontakten mellom Ørsta kommune og Hornindal kommune om saka.

Elevane frå Bjørke går i dag på Austefjord skule i Volda. Skulen har vore nedleggingstruga ved fleire høve. No ønskjer også Volda kommune at Ørsta kommune skal betale meir per skuleplass for å dekke dei reelle kostnadene per elev.