På fortauet på sørsida av Anders Hovden-gata i Ørsta er det no kome deling mellom sykkelfelt og gangveg. Det er første gongen det kjem eit slikt dedikert sykkelfelt i Ørsta.

– Bakgrunnen for tiltaket kjem frå undersøkingar som viser at mange born og unge i Ørsta vel å bruke sykkel som transportmiddel til og frå skulen. Fortauet langs Anders Hovden gata vert brukt av born og unge på vei til og frå Velle skule, ungdomsskulen og Ørsta vgs. Mange av syklistane brukar fortuet for tryggleiken sin del, då det er mykje biltrafikk i same tidsrom. For å hindre at syklistar vert pressa ut av kanten på fortauet for å kunne passere, så er oppmerkinga av fortauet meint å skape eit tydeleg skilje mellom billistar, syklistar og fotgjengarar. Dette vil også vere med på å trygge skulevegen til alle fotgjengarane på fortauet. Når oppmerkinga er ferdig, går det frå krysset mot Dalevegen og heilt ned til Holmegata, skriv Ørsta kommune på nettstaden sin.

Fylkeskommunen og kommunen har finansiert kvar sin halvpart av prosjekt. Erfaringane vil avgjere om prøveprosjektet med sykkelfelt blir permanent.