Søre Sunnmøre tingrett har i tillegg til fengselsstraff dømt mannen til å betale 225.000 kroner i erstatning til dottera.

Til frådrag i fengselsstraffa går 19 dagar som mannen sat i varetekt, etter at han blei pågripen og sikta for seksuelle overgrep mot dottera.

Skremmande trussel

Tingretten finn fleire straffskjerpande moment i saka.

Det blir lagt vekt på at jenta var svært ung då overgrepa starta. I tillegg har overgrepa skjedd mot eiga dotter, i heimen, der barn har krav på å kjenne seg trygge. Dette er eit grovt tillitsbrot frå ein nær omsorgsperson, meiner retten.

Vidare er det lagt vekt på at faren fekk jenta til å halde overgrepa hemmeleg, og sa at han ville få trøbbel, om ho ikkje heldt på hemmelegheita. Ein slik trussel vil verke skremmande på ei lita jente, meiner retten.

Frådrag for tilståing

Retten meiner straffa i utgangspunktet passande kan setjast til seks år fengsel.

Aktor la ned påstand om 4,5 år i fengsel.

Det er ikkje funne formildande omstende i saka, men når retten landar på tre år og ni månader fengsel, er det gitt frådrag for tilståing.

– I saker om seksuelle overgrep mot barn, er ei tilståing svært verdifull fordi det inneber at barnet blir trudd, noko som er svært viktig for barnet, skriv retten.

Det er også teke noko omsyn til den totale saksbehandlingstida hos politiet og retten, men retten er ikkje einig med forsvarar i at saka har hatt særleg lang liggetid.

Faren blei sikta for overgrep mot si eiga dotter i fjor vinter. Allereie i første avhøyr tilstod han, og han vedgjekk delvis straffskuld då han møtte i retten.

Retten finn bevis for at overgrepa har starta tidlegare enn det mannen har forklart.

Overgrepa gjekk føre seg i over eitt år, før dei blei stoppa, og retten peikar på at dette er svært lang tid i ei så lita jente sitt liv.

Av Anne-Mari Tomasgard, Sunnmørsposten

Saka vart først publisert på smp.no