For ti år sidan vart det etablert sandvolleyballbane ved Ørsta ungdomsskule. Elevrådet uttrykte eit ønske om eit slikt tilbod ved skulen, og kroppsøvingslærar Gunnar Festøy tok tak i arbeidet.

– Vi fekk god hjelp frå Jostein O. Mo i Ørsta kommune til å søke midlar til prosjektet, og Berknes maskin, Vik Ørsta og Aurstad gav oss viktige bidrag. Vi var litt skeptiske til å la nett henge ute, men på desse ti åra har det ikkje vore gjort hærverk av noko slag på bana, seier Festøy.

Sandvolleyballbana har blitt brukt mykje både i skuletida og fritida gjennom dei ti siste åra. Slitasjen på bana og nettet var godt synleg, og dermed vart det sett i gang ein prosess med å oppgradere bana. Skulen har fått med seg Sparebank 1 Søre Sunnmøre på laget, og banken har teke på seg halve kostnaden innkjøp av ny sand og nytt nett til sandvolleyballbana.

– Tilbod til ungdom er viktig. Vi ser gjennom m.a. forsking at barn og unge stadig sitt meir heime, og aleine. Då kan vi stille oss spørsmålet om kva vi gjer for å førebyggje dette. Dette er ei bane som vert brukt mykje på fritida, i tillegg til skuletida. Foreldra tykkjer at dette er eit godt tiltak, og barna kjem og hit for å aktivisere seg etter skuletid. Då får vi ikkje noko betre tiltak å støtte. Vi er opptekne av å støtte barn og unge, og å finne arenaer der dei kan få utfordre seg og vere saman, seier regionbanksjef Fredrik Christian Langlo i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Sanden som vart levert måndag skal vere av beste kvalitet og kjem frå Danmark. Med hjelp frå elevar i 8a og 8d vart den nye sanden raskt fordelt utover bana. Det tok heller ikkje lang tid før dei første kampane vart spelt.

– Behov for å fylle på med sand dukka opp. Det er eit økonomisk løft, og at vi får litt hjelp til å ta denne kostnaden er utruleg bra. Det strålande at vi får dette på plass, og eg må verkeleg skryte av dei tilsette som har stått på for dette. No har gode forhold for sandvolleyball i mange år til. Vi brukar bana mykje både om våren og hausten, og vi veit at det er mange som nyttar seg av bana på kveldstid. Utstyret har fått stå i fred, og det vonar vi får halde fram, seier rektor Marianne Solbjørg Ose ved Ørsta ungdomsskule.

25 tonn: 25 sekker med eitt tonn sand i kvar vart leverte ved ungdomsskulen måndag. No er sanden på plass og bana oppgradert. Foto: Joachim Åsebø