Ein søknad frå desember 2015 frå interessegruppa hamna på sakskartet til formannskapet i førre møte. I desember 2015 søkte interessegruppa om 50.000 kroner i støtte til måling av huset og leige av stillas. Ordførar Stein Aam tok opp att saka og hadde lyst til å gje interessegruppa ei handsrekning. Frå dei andre medlemmane vart initiativet frå interessegruppa om å setje bygget skikkeleg i stand omtalt med positivitet, men det vart understreka at viss formannskapet skulle løyve pengar no ville det skape ein presedens for andre. Det var og understreka at det kvart år vert sett av ein eigen pott som forsamlingshus kan søke midlar frå.

Oppmodingar frå formannskapet vart at interessegruppa søkjer om midlar til forsamlingshus i 2018, og eventuelle restmidlar for 2017. Søknadsfristen for midlar til forsamlingshus er 20. mars neste år.