I dag, torsdag skal kommunestyret handsame romprogrammet for det nye kulturhuset med kino, som etter planen skal byggast i samarbeid med Høgskulen i Volda. Høgskulen har behov for eit nytt mediebygg, og tanken er at både høgskulen og kommunen skal tene på ei sambruksløysing på campus.

Prosjektet er ikkje ukontroversielt, og Volda næringsforum er blant dei som har stilt spørsmål ved kvifor det ikkje blir satsa på eit kulturhus i sentrum i staden. I formannskapsmøtet i Volda 31. mai uttrykte fleire medlemer frustrasjon over at alternativet i sentrum ikkje er konkretisert.

– Om det finst eit minst like godt prosjekt i Volda sentrum, så er det interessant. Men då må vi få på bordet ei konkretisering av kva slags prosjekt dette er, sa Odd A. Folkestad (Frp).

Andre, mellom andre Dan Bjørneset (H) meinte at kommunen bør vurdere eit alternativ i sentrum seriøst.

Dersom Volda kommune skulle starte prosessen på nytt slik Volda Næringsforum rår til, så bør Volda kommune seie opp intensjonsavtalen med HVO og starte ein heilt ny prosess. Planlegginga av mediabygget har ein streng tidsplan, og dersom kommunen ikkje melder inn sine spesifikasjonar om vidare deltaking i løpet av juni d.å., så vil planlegging av mediabygg på Campusområdet skje utan kultur- og kinodel, skriv rådmann Rune Sjurgard i saksutgreiinga.

Han ser det ikkje som realistisk at kommunen skal amkte å bygge og drive eit kulturhus på eigen kjøl, utan samarbeid med høgskulen.

Prosjektet på campus er ifølgje rådmannen det sjuande utgreiinga eder Volda er involvert i planlegging av nytt kulturhus. Ingen av desse har kome så langt at dei kan realisert. Innovata var prosjektet som kom nærast.

Håpet er no at prosjektet på campus skal bli realisert. Det er utarbeidd to alternativ til kultursalar i det nye mediebygget.

Alternativ A er ein standard sal med 340 sitteplassar i amfi og 150 stolar på golvet framfor scena. Takhøgda er her ti meter.

Alternativ B er ein sal med 460 sitteplassar i amfiet og 150 stolar på golvet framfor scena. Her er takhøgda 12 meter.