Trålaren er designa av Salt Ship Design for rederiet Cetus AS frå Karmøy. Utstyret frå Brunvoll skal leverast i løpet av 1. kvartal 2018. Leveransen frå Brunvoll består av gir- og cp-propellanlegg, sidethrustarar og fjernstyring for framdrift og manøvrering. Framdriftsanlegget er diesel-mekanisk konfigurasjon drive av ein MaK diesel motor. Anlegget som er miljøvenleg, effektivt og moderne, er designa for flytande frekvens som muliggjer optimalisering av drivstofforbruk til det aktuelle driftsmodet. Sidethrustarane er med vribare blad for optimal drift, skriv Brunvoll Volda i ei pressemelding.

«Vi er glade for å kunne stadfeste posisjonen som ein hovudleverandør til fiskebåtsegmentet, og denne kontrakta er eit godt eksempel på det viktige norske clusteret» seier Hallvard Pettersen, dagleg leiar i Brunvoll Volda. Brunvoll har sikra seg fleire kontrakter den seinare tida, og ifølgje Pettersen ser selskapet ein positiv trend med god aktivitet og forespørslar frå mange hald.