Ordførarane Jørgen Amdam (Volda) og Stein Aam (Ørsta) skriv dette i eit felles brev til Domstoladministrasjonen (DA).

– Det er liten tvil om at dagens lokale for Søre Sunnmøre tingrett er like hensiktsmessige, og verken oppfyller krav til universell utforming eller dagens krav til tryggleik eller teknisk standard, skriv ordførarane.

Likevel er dei kritiske til DA sitt ønske om å flytte til administrasjonsbygget til Sunnmørsheimen i Sjukehusvegen i Volda.

– Sjølv om dette bygget delvis vart rehabilitert i 2014, så vil dette bygget vere ei høgst mellombels lokalisering da det vil verte regulert vekk i samband med reguleringsplan for Voldatunnelen. Voldatunnelen som er ein del av stamvegnettet E 39 er foreslått i fase to i NTP for 2018 – 2029 med mogleg oppstart allereie i 2021/22 gjennom bompengefinansiering. Det vert arbeidd med ei slik framskunding gjennom samferdselspakke med delvis bompengefinansiering. Ei lokalisering til desse lokala utan samtidig kunne presentere konkrete planar for permanente lokale for Søre Sunnmøre tingrett er eit tydeleg signal om ei styrt nedlegging og sentralisering.

Forskotterer nedlegging

Ordførarane legg ikkje skjul på at dei mistenker at DA forskotterer at Søre Sunnmøre tingrett skal leggast ned ein gong i nær framtid, og at dette er bakgrunnen for at dei ikkje vil gå inn i ein leigeavtale med Statsbygg om det noverande rettslokalet som inneber ei oppgradering og fornying av lokalet, slik at det møter dagens krav.

– Dette uroar oss. Vi viser til Stortinget sitt tydelege signal frå 2015, der det vart klart at det ikkje er fleirtal for ei tvungen strukturendring i dag. Det vart tydeleg kommunisert at ingen domstolar skulle leggast ned mot sin vilje, skriv dei to ordførarane.

Dei ber om ei orientering frå DA om kva planar dei har for Søre Sunnmøre tingrett på kort og lang sikt, og kva vilkår dei legg til grunn ved val av tingrettslokale.

Dommarressursar

Amdam og Aam er også uroa over at Søre Sunnmøre tingrett har mista dommarressursar.

– Vi fryktar dette kan gå utover rettstryggleiken til brukarane i kommunane våre og dei andre kommunane i rettskrinsen. Vi meiner det er viktig at DA tilfører Søre Sunnmøre tingrett midlar, slik at dei kan halde oppe ei forsvarleg bemanning også på dommarsida.

Tingretten er viktig for å halde oppe talet på juridiske arbeidsplassar i regionen, meiner ordførarane. Dette gjeld både advokatmiljøa og det juridiske miljøet knytt til Høgskulen i Volda.

Sniknedlegging

Ordførarane meiner det er ein tankekross dersom DA førebur ei «sniknedlegging» av Søre Sunnmøre tingrett samtidig med at regjeringa har signalisert at fleire statlege arbeidsplassar skal flyttast ut i distrikta.

– Vi ser grunn til stor uro her, og forventar eit tydeleg og avklarande svar, og legg til at dei sender kopi av brevet til justisminister Per Willy Amundsen (Frp) og Hadia Tajik, leiar for justiskomiteen på Stortinget.

Sunnmørsheimen: Domstoladministrasjonen ønskjer å flytte til administrasjonsbygget til Sunnmørsheimen. Dette blir etter planen regulert vekk i planane for Voldatunnelen. Foto: Joachim Åsebø