– Stad skipstunnel kjem om nokre år, det vil bety ein hurtigbåt mellom Bergen–Ålesund. Og dette betyr at ein slik hurtigbåt vil kunne gå indre leia. Difor må vi no strategisk planleggje eit slikt hurtigbåtanløp på Rjåneset gamle ferjekai, meiner Rolf Magnus Sundgot.

Ørsta kommune har no overteke alle rettar og eigedomar som Statens vegvesen tidlegare hadde ved Rjåneset. Dette gjeld både kaianlegg og tidlegare riksveg- og parkeringsområde. I tillegg har kommunen fått tildelt ein halv million kroner for tilstelling av kaiområdet. Teknisk sjef meiner såleis mykje vil ligge til rette for eit hurtigbåtanløp på Rjåneset.

Nye oppgåver

Teknisk sjef får frå 1. juli nye arbeidsoppgåver og ansvarsområde etter at rådmannen har overført planansvaret i plan- og bygningslova (PBL) frå stabsfunksjon hos rådmannen til stabsfunksjon ved teknisk sjef. Dette betyr såleis at teknisk sjef no får ansvar for heile prosessen med infrastruktur frå A–Å: Plan-, prosjektering og utbygging, og vidare med forvaltning, drift, vedlikehald, utvikling, sørvis og potensial (FDVUSP). Med ansvar for både planlegging etter PBL og gjennomføringsansvar og utbyggsansvar har Sundgot stor tru for at dette vil effektivisere prosessen. Planlegging vert innstilt med basis i reell gjennomføring og budsjettprosess.

Omorganiseringa betyr også at teknisk sjef har det samordna ansvar med basis i lovverk for hamne- og farvasslova og plan- og bygningslova. I mai utnemnde formannskapet eit arbeidsutval for klargjering av ”Nye Ørsta hamnedistrikt”. Mandat og framdrift er med tanke på iverksetjing frå nyttår. Teknisk sjef er ansvarleg for framdrift og iverksetting av dette.

Visjonar

Rolf Magnus Sundgot har mange visjonar og strategiar for dei nye oppgåvene i tekniske tenester.

– Det ligg sjølvsagt mange oppgåver og stort ansvar i dei oppgåvene vi allereie har, og eg brenn for at vi må eit steg opp innan aktiv forvalting av aktuelle og pågåande saker. Vi må også i større grad ta initiativ, tenke utvikling, sjå på nye arenaer og område og sørvis og potensial for utvikling, seier Sundgot.

Med Ørsta nye hamnedistrikt meiner han kommunen heilt klart kunne styrke den maritime tilrettelegginga både på sjø og mot land.

– Vi må her tenke strategisk og langsiktig. Det må etablerast ei hamnekasse med inntekter og utgifter. Vi må legge til rette for rorbuer ved sjøen, og dei kommunale kaiene på Sæbø og Skår må rustast opp. Det same må fiskerikaia og hamna på Vartdal. Opprustinga og utviklinga av Ørstaterminalen og tømmerkaia med lageranlegg er også viktig og å legge til rette for turistskip og maritim utvikling mellom sjø og land. Det er også viktig å utvikle og legge til rette for maritime forhold i Hjørundfjorden i samband med masterplanarbeidet for dette området.

Sundgot ønskjer også å planlegge ny og større fiskerihamn for kystfiskeflåten, og andre maritime forhold. Det finst store statlege finansieringsrammer for dette frå Kystverket.

Tunnel

Ved bygging av Voldatunnelen om nokre år (2024), vil staten ha store mengder overskot fjell/stein som dei ønskjer vert nytta på ein samfunnseffektiv måte.

– Dette betyr at vi må ha klar reguleringsplanar for bygging av molo og marina både på Rjåneset og utviding av Rystelandet med industriareal. Eg tenkjer også på ei utviding av småbåthamna i sentrum og at massen også kan gå til ein sjøpromenade i sentrum.

Med statleg tilgang på stein frå Voldatunnelen ser teknisk sjef også føre seg å kunne bygge ut ein ny ”landsbydel» som Palmen/Sjøsida-sør i sjøområdet på strekninga Osbrua-Bogafjøra.

– Der vil det vere plass for ny småbåthamn, bustadutvikling, sørvisfunksjonar og meir. Dette er inspirert frå ein tidlegare forskingstur til Dubai, men tilpassa ein framtidsdraum for at flest mogleg skal kunne busetje seg i sentrum med båthamn og badeplass som næraste nabo. Logistikk og miljøfaktor må innebere lett tilgang på sentrumsfunksjonar som skule, barnehage, kultur, idrett og anna, meiner Sundgot.

Han har lang og brei røynsle frå arbeidslivet. I tida som høgskulelektor og studieleiar ved Høgskolen i Ålesund stod han for tilrettelegging, utvikling og gjennomføring av fag og fagkurs innan byggesaker, plansaker, kommunalteknikk, prosjektstyring og prosjektadministrasjon.

Teknisk sjef Rolf Magnus Sundgot ser fram til med glede og utfordring kva ein i fellesskap kan få til ut frå Ørsta kommune si klare målsetting og visjon: «Saman mot nye høgder».

– Eg ønskjer gjerne innspel og samspel med entreprenørar og innovatørar som ønskjer vidare utvikling i og av Ørsta. Eg har eit motto og ein arbeidsregel henta frå den gamle Rosenborg-trenaren Nils-Arne Eggen, der han seier at skal vi vinne som lag «Må vi spele kvarandre gode».

Vyar: Teknisk sjef Rolf Magnus Sundgot har mange vyar og visjonar for Ørsta. Foto: Janne-Marit M. Falch