Det seier Tove Halse Digernes (Sp). I kommunestyret torsdag uttalte ho at ho er redd for framtida til Liadal barnehage dersom det vert etablert fleire barnehageplassar på Sæbø. Digernes sa at Liadal er viktig som avlastningsbarnehage for dei andre barnehagane i kommunen.

– Det var ikkje meininga å vere negativ. Eg uttalte meg med bakgrunn av det eg las i sakspapira. Der las eg mellom linjene at framtida til Liadal barnehage står på spel. Eg har vore i kontakt med styrar i barnehagen, og gir mi fulle støtte til henne. Liadal barnehage står stødig på eigne bein. Bygda både treng og vil ha denne barnehagen. Dette meiner eg også burde ha vore belyst i saka frå administrasjonen. Eg forventar også ei større satsing på Liadal framover, mellom anna med etablering av byggefelt. Det er viktig å satse på bygdene. Det vil også føre til at der er behov for barnehagen også i framtida. Det var ikkje mi meining å formidle at Liadal barnehage berre eksisterer fordi dei tek i mot barn frå fulle sentrumsbarnehagar. Det er eit stempel dei ikkje fortener.