Det har kommunestyret samrøystes vedteke.

Bakgrunnen er ein kraftig auke i talet på elevar i Ørsta-skulen som ikkje har norsk som hovudmål. Og no vil altså kommunen opprette ei eiga klasse for desse.

Skulesjefen meiner det hastar med ei utbygging av Velle skule, ei sak som no er utsett.

– Rask start på nybygging av klasserom ved Velle skule er tvingande naudsynt. Frå hausten, og til nybygde klasserom står klare, vil Velle skule måtte flytte deler av kunst- og handverksundervisninga til underetasjen i kulturhuset for å kunne frigjere eit rom til introduksjonsklassa, seier Kirsti Øy Driveklepp.