Ordføraren svarte i kommunestyret torsdag på ein interpellasjon frå Vatne som spurde om veg til Eitrefjell på Bondalseidet kunne byggjast for å få til aktivitet og heilårsdrift ved

Ørsta skisenter.

– Eg er heilt samd i dei tankane Idar Vatne gjer seg. Bondalseidet har potensial. Og alle gode krefter må setje seg saman for å kartlegge kva og korleis vi kan vidareutvikle Bondalseidet som aktivitetsområde. Her må vi tenke breidde og variasjon i tiltak og aktivitetar. Veg til Eitrefjell kan vere éin konkret del – og truleg ei føresetnad – i ein slik utviklingsplan der målet er jamn aktivitet, heilårsdrift og fleire arbeidsplassar, svara Aam.

Han meiner veg til Eitrefjell neppe er nok.

Infrastruktur

– Skal vegen kome til Eitrefjell må vi samtidig arbeide knallhardt med å legge til rette andre aktivitetar, tilbod og infrastruktur som gjer det attraktivt for mange å kome dit. Dette kan vere utbetringar av eksisterande tilbod. Altså lengre og betre skiløyper, det må vere variasjon, m.a sykkelløyper, tilrettelagde turløyper og meir aktive arrangement for store og små på Bondalseidet, det må vere nye tilbod. Fleire anlegg i alpane har sommarkjelkebane, ein enkel kjelke som blir dratt opp av eksisterande heis, der mor eller far kan køyre saman med born på eit sikra metallrøyr i doserte svingar. Det kan vere moderniserte kassebilar som kan køyre på vegen til Eitrefjell i visse tidsrom når trafikken er stengt, sa Aam vidare.

– Ein veg opp vil kunne gi kaféen eit løft. Då kan ein ha samlingar, lunsjar, middagar og ulike arrangement. Og ein kan tenkje seg at dersom vi får Ørsta på kartet som cruisedestinasjon – og då tenkjer eg Ørsta sentrum – ville Eitrefjell vere superaktuelt som utflukt med mat. Det ville tilføre langt fleire gjestar som må til for å sikre full og sikker drift. Men då må også god logistikk vere på plass.

Stein Aam lova å følgje opp saka med skisenteret, men understreka at kommunen åleine ikkje kan ta alt ansvaret for å vidareutvikle skisenteret.

– Vi må ha andre støttespelarar med oss, sa Stein Aam.

Idar Vatne hadde von om at kommunestyret allereie no vedtok oppretting av eit styre for heilårsveg til Bondalseidet. Men prosessen må modnast litt meir. Det ser uansett ut til å vere noko på gong i denne saka.