Det skriv dei i eit brev til ordførar Stein Aam i Ørsta. Den smale Osbrua på E39, som går over Ørstaelva og knyter Ørsta sentrum saman med Ose, har lenge vore eit problem for tungtrafikken.

Når to tunge køyretøy møter kvarandre på brua, er det berre så vidt det er klaring når begge køyretøya har hjula på kvitstripa.

– Rutinen blant lokale sjåførar av tyngre køyretøy er at den eine ventar til den andre har passert. Denne rutinen har ikkje sjåførar som er ukjende i området og som er på gjennomreise, skriv Jan Vinjevoll, leiar i Yrkestrafikkforbundet si lokale avdeling i brevet til ordføraren i Ørsta.

Må bremse opp

Han fortel at bussjåførane stadig oftare må bremse kraftig når møtande, tyngre køyretøy kjem inn på brua og møter bussen i stor fart.

– Dette er ei ubehageleg oppleving for både passasjerar og sjåfør. Dei offisielle statistikken viser kan ikkje mange uhell, men som oftast blir øydelagde speglar og striper frå autovernet utbetra av partane sjølve.

Osbrua er ein av dei største flaskehalsane i regionen. Dei siste målingane viser ein årsdøgntrafikk på meir enn 12.900 køyretøy over den smale brua. Mykje av dette er tyngre køyretøy.

Bussjåførane meiner det må kome opp skilt om smalare vegbane så raskt som råd, og at utbetring eller ny bru blir prioritert politisk.

Osbrua er eit av prosjekt som truleg kjem inn i ein bompengefinansiert samferdselspakke for Ørsta og Volda. Laurdag skreiv Møre-Nytt at det er semje mellom Ørsta og Volda om innhaldet i ein slik pakke.

Høgebrua

Vinjevoll løftar også fram Høgebrua på fv. 655 som problematisk.

– Dette er ein vanskeleg flaskehals for oss som køyrer buss. Når vi kjem frå Ørsta mot Sæbø, må vi legge oss heilt over i motsett køyrefelt for å klare svingen. Det er difor svært bra om ei ny bru her blir prioritert av fylkespolitikarane, seier han til Møre-Nytt.

Sist torsdag skreiv Møre-Nytt at fylkestinget har teke Høgebrua inn att på prioriteringslista. Prosjektet er langt nede på lista, men no er det iallfall på lista.

Høgebrua: Bussjåførane har også eit sterkt ønske om at det kjem ny bru som erstatning for Høgebrua på fv. 655. Foto: Kjell Arne Steinsvik