Kommunestyret vedtok torsdag samrøystes ei ekstraløyving på 980.000 kroner i samband med renoveringa som no er i gang på kulturhuset.

– Vi må ha skikkeleg kinolyd for å nå ungdommen. Og vi kan ikkje stoppe prosessen no, sa ordførar Stein Aam.

Det mangla pengar mellom anna til kinolyden. Når finansieringa no er på plass, kan ørstingane vente seg den beste kinolyden som er å oppdrive:

– Ifølgje leiande rådgjevar i bransjeorganisasjonen Film og Kino, Rolv Gjestland, er tilbodet vi har fått det beste han har sett i si 30 år lange karriere i kinobransjen. Christie sitt lydoppsett med Vive er det fremste i si klasse, og blir nytta på Dolby sine kinoar i utlandet. Det er såleis eit eksklusivt tilbod, melder Liv Bente Viddal, Janne Skarstein og Irene Graskopf som har utarbeidd saka.

Fjerna

Karen Høydal (Ap) er oppteken av å tale dei svake si sak. Ho reagerte på at det i opprustingsprosessen i kinosalen no er fjerna tiltak for universell utforming av scena. – Dette er ikkje greitt i 2017, sa ho. Stein Aam meinte dette må ordnast.