Laurdag føremiddag melde politiet om ei trafikkulykke i Hjartåbygda. 110-sentralen opplyser at to bilar og ein motorsykkel er involverte i ulykka. Motorsyklisten er skadd, og vert henta med ambulansehelikopter. Politiet rapporterer om mindre personskade på dei andre involverte i ulykka.

E39 vart stengt i ei lengre periode, men klokka 11.30 opplyste Statens vegvesen at vegen no er opna att.