No er Tove Halse Digernes (Sp) uroa over for kva som kan skje med Liadal barnehage.

– Eg bur i Liadal og skal ikkje be for mi sjuke mor. Men i denne saka vert barnehagane i Liadal og på Sæbø sett opp mot kvarandre. Ei utviding på Sæbø kan føre til at det vert kroken på døra for Liadal barnehage som har vore avlastningsbarnehage. For det er ingen garanti for at barnehagen i Liadal vert halden oppe. Og kva skal vi då gjere av borna som går der? Det er fullt i barnehagane i sentrum, og må ein då utvide sentrumsbarnehagar, spurde Halse Digernes under debatten.

Ho meinte saka mangla fagleg utgreiing som kunne leie henne mot eit sikkert standpunkt i saka.

Etter ein lang debatt vedtok kommunestyret med stort fleirtal eit framlegg frå Anne Ellingsen og Venstre at det på Sæbø er dokumentert behov for fleire plassar, og at det difor skal opprettast eit midlertidig tilbod på Sæbø så tidleg som praktisk mogleg til hausten. Vidareføring av tilbodet på kort og lang sikt skal vurderast i samband med budsjetthandsaminga i 2018 og økonomiplanarbeid 2018 – 2021. Finansieringa av dei fem plassane skal hentast frå kommunen sitt disposisjonsfond, foreldrebetaling og statstilskot.

Formannskapet si tilråding om oppretting av eit midlertidig tilbod for ei mindre gruppe på Sæbø hausten 2017 og våren 2018, fekk ingen røyster. I dette vedtaket heitte det at før nytt opptak skulle tilbodet evaluerast etter at året var omme og nytt tilbod ved Dalane er etablert.

Fremja nei

Per Are Sørheim (H) fremja administrasjonen si tilråding om at det ut ifrå ei samla fagleg og økonomisk vurdering ikkje skulle opprettast eit midlertidig tilbod på Sæbø. Framlegget fekk fire røyster.

Dermed slepp småbarnsforeldre på Sæbø utan lokal barnehageplass å køyre til ein sentrumsbarnehage for barnehageplass. Reiseavstanden var det fleire i kommunestyret som peika på som eit argument for fleire plassar på Sæbø.

– Avstanden frå Sæbø til sentrum er mykje lenger enn frå sentrum til Liadal. Og born frå området Sæbø som må bruke sentrumsbarnehage kan misse vener, sa Anne Ellingsen. Ho minte om at det kjem ekstra mange førskulebarn på Sæbø dei neste to åra, og at behovet for plassar er absolutt til stades.

Hans Olav Myklebust (Frp):

– Avstanden frå Sæbø til sentrum veg tungt i denne saka. Det er også slik at vi ønskjer vekst på Sæbø og vi må strekke oss langt for å innfri ønska frå foreldra. Ørsta kommune taper også pengar viss born frå Ørsta går i barnehage i andre kommunar.

Karen Høydal (Ap) meinte det var for kort tid å få til ei rask løysing på Sæbø og at det var trong for betre planlegging, medan Marit Aklestad (SV) også sakna faglege argument i saka frå administrasjonen om det viktige for born å få vere i ein barnehage i nærområdet sitt.

– Sæbø er i vekst, og bygda har vakna til liv. Og no må kommunen kjenne besøkstida si. Barnehage er basisbehov. Mangelen på plassar er vedvarande, ikkje mellombels. Ved å styrke barnehagen blir Sæbø meir attraktiv.

Alternativ

Yngve Frøland (Sp) minte om at bygdene rundt Hjørundfjorden ikkje anna alternativ enn Sæbø barnehage.

– Og viss det er fullt i barnehagen på Sæbø, får ikkje bygdeborn plass. I dag er der barn på Trandal, sa Frøland. Også han etterlyste ei betre fagleg vurdering i saka, og kva som er til bara sitt beste.

– Det faglege er ikkje vurdert i saka, det som er til barnets beste.

Frida Gillberg (MDG) var ikkje i tvil:

– Eg har barn i Sæbø barnehage og er evig takksam for det. Vi må seie ja til fleire plassar på Sæbø!

I samband med saka var det også ein diskusjon kring gildskap. Synnøve Rekkedal Hill (Sp) har eit barnebarn som står i kø for Sæbø barnehage. Ho vart difor kjent ugild. Inge Kolås (Frp) reagerte slik på dette:

– Dersom det var rett det som vart vedteke om gildskap i saka om Osgeila, er Rekkedal Hill ugild i barnehagesaka.

Uroa: Tove Halse Digernes (Sp) fryktar for barnehagen i Liadal etter vedtaket i kommunestyret. Foto: Roy-Arne Folkestad