To framsyningar vart presenterte i Aasen-tunet tysdag kveld, og foreldre og andre gjekk heim att med store smil. Ikkje så rart: Dette var kreativitet i klasse, originalt så det susa og med unge skodespelarar som baud på seg sjølve.

– Elevane har sjølve funne på ideane til teaterstykka, og eg har sett dei saman, fortel dramalærar Brynhild Hovden.

Stykka heitte «Popstjerner i trøbbel» og «Sjakk Sjokk». Det første stykket handla om tvillingane som var popstjerner der den eine vart kidnappa fordi ein stor fan ikkje fekk ta selfie med dei. I det andre stykket vart aktørane fanga i eit sjakkbrett. Dei unge spelte godt, og spesieltmerka vi oss Oda Elise Åkre Grimstad, eit naturtalent. Men dei hadde fortent mikrofon.