Betre grunnlag: Formannskapet i Ørsta vil ha eit meir nøyaktig kostnadsoverslag for utvidinga av Velle skule før saka vert handsama politisk.
(Foto: Joachim Åsebø)

Betre grunnlag: Formannskapet i Ørsta vil ha eit meir nøyaktig kostnadsoverslag for utvidinga av Velle skule før saka vert handsama politisk. Foto: Joachim Åsebø

– Treng meir nøyaktig pris

Ørsta formannskap ber om utarbeiding av forprosjekt og meir nøyaktig pris før saka om utviding av Velle skule vert handsama.

Eit samrøystes formannskap gjekk inn for å utsette handsaming av utvidinga av Velle skule. Formannskapet ber administrasjonen om å utarbeide eit forprosjekt for utvidinga som m.a. er meir nøyaktig på kostnadssida. Kostnadsramma som låg inn i tilrådinga i saka var på 24,9 millionar kroner inklusiv moms, men i diskusjonen under møtet kom det fram signal om at ein meir realistisk kostnad er rundt 20 millionar kroner pluss moms. Forslaget som formannskapet gjekk inn for vart lagt fram av ordførar Stein Aam. Fleire av politikarane peika på pengebruken, men at situasjonen i skulen er prekær og at det må setjast i verk tiltak.

I vedtaket frå formannskapet heiter det at saka skal handsamast så snart som mogleg i levekårsutvalet og kommunestyret. Truleg vil dette skje på møta i slutten av august eller i slutten av september.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Fortvilar over skadeverk

Arne fekk båt skadd etter steinkasting.

Store utfordringar med fyrsteslåtten

Bøndene i Ørsta har utfordringar med årets fyrsteslått, grunna mykje nedbør. Dei fleste ligg langt bak skjema.

Siste sirkus på Utstillingsplassen

Torsdag vart sirkusteltet til Cirkus Arnardo reist på Utstillingsplassen i Ørsta for siste gong.

Elevane sigra mot lærarane

I år var det elevane ved Ørsta ungdomsskule som kunne juble høgast i den tradisjonsrike fotballkampen mellom elevane og lærarane.

NAV til Tindebygget

NAV Ørsta og Volda flyttar frå Strandgata til nye lokale i Tindebygget i Ivar Aasen-gata.

Kommunen kjøper hamna i Volda

I dag vedtek truleg Volda kommune at dei kjøper den statlege fiskerihamna i sentrum frå Kystverket.

Åtvarar mot kulturhus i sentrum

Rådmannen i Volda åtvarar mot å insistere på eit kulturhus i sentrum framfor samarbeid med høgskulen på campus.