Den felles uttalen har denne ordlyden:

«Prosjektet E39 Volda-Furene og omlegginga av E39 utanom Volda sentrum skal i hovudsak gå via tunnel. Prioriteringa er vilkårsbunde av tilslutning om delvis bompengefinansiering. Omlegginga av E39 utanom Ørsta sentrum fører til kryssing av fjorden. Prioriteringa er på vilkår av eit opplegg om delevis bompengefinansiering».

Politiske krefter i Volda har åtvara mot at styringsgruppa for samferdselspakken blandar seg inn i trasévalet for E39, og at dette kan verte oppfatta som ein omkamp om E39-traseen, noko som vil vere uheldig for Volda.

Stortingsrepresentant Helge Orten (H), som sit i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, har vore ein nøkkel til semje om ein felles uttale. Han har delteke på møte med styringsgruppa.

– Etter møtet med Orten har no i styringsgruppa semjast om eit framlegg vi går vidare med, seier ordførar Stein Aam (SP) som vedgår at det har vore harde frontar mellom Ørsta og Volda i saka.

Leirar

– Det er fleire leirar i Volda, og ordførar Jørgen Amdam har hatt press på seg. Men Volda har no akseptert eit framlegg, og det er altså semje. Vi må vere med på ein del av det Volda ønskjer, men det er eit spørsmål om kva vi skal vere med på og kva vi får att, seier Aam.

Per Are Sørheim (H) gjer det klart at det ikkje er snakk om noko tvillingprosjekt for Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga.

– Vi har sagt tydeleg at Voldatunnelen står for seg og at Ørstafjordkryssinga kjem for seg. Dette er eit godt teikn på godt naboskap, seier Sørheim.

Stein Aam ser ei utfordring i kor mykje ørstingane er villige til å betale i bompengar.

– Men også kor mykje bompengar nordfjordingane og folk frå ytre vil vere med å betale for å kome til Ørsta. Vi kan ikkje vere med på for mange små prosjekt for då vert bompengepakken for dyr, meiner Aam.

Både han og Sørheim trur det kan ta tid å få på plass ei Ørstafjordkryssing.

– Mange ting står i kø, og vi slit med storprosjekta, dei store fjordkryssingane. Dessverre ser det ut som at Ørstafjordkryssinga vert hengande etter, men vi må jobbe hardt for å få dette som ei god løysing først best, og vi må ha ein tett dialog med vegvesenet. Vi må setje inn press då mange peikar på Hafast, men eg er ikkje direkte optimist, seier Sørheim.