– Volda maskin er i ei klasse for seg sjølv i fylket når det kjem til lærlingar, og det har dei vore sidan eg starta i opplæringskontoret for anleggs- og bergfaga i 2008, seier fagrådgjevar Espen Wicken i OKAB Møre og Romsdal.

Wicken skal følgje opp lærlingane i dei ulike verksemdene i fylket, og fredag var han med då Morten Storeide, Håvard Navelsaker, Nikolai Brenne og Werner Riksheim skreiv under sine lærlingkontraktar med Volda maskin. Lærlingane sjølv ser veldig fram til å kome i gang med læretida, og dagleg leiar Jon Grebstad i Volda maskin seier at dei har gode erfaringar med å ta inn lærlingar.

– Vi har hatt eit mål om at minst ti prosent av arbeidsstokken skal bestå av lærlingar. I dag har vi ni lærlingar som utgjer fjorten prosent av arbeidsstokken på rundt 65 tilsette. Erfaringane vi har gjort oss er gode, seier Grebstad.

Riksheim og Brenne har gått ved Ørsta vidaregåande skule og teke spesialisering i arbeidsmaskiner. Navelsaker har gått skule i Sogndal med spesialisering i anleggsteknikk, og Storeide har same spesialiseringar frå Borgund vgs.

– Det er beklageleg at vi ikkje kan ta inn fleire lærlingar for pågangen er stor. Det er mange ungdomar som har lyst til å prøve seg, men for at vi skal gje dei ei god læretid kan vi ikkje ta inn fleire, seier Grebstad som og skulle sett at fleire jenter søkte etter lærlingplass.

Wicken understrekar at det er stor interesse for anleggs- og bergfaga ved dei ulike vidaregåande skulane, og han gjev ros til bransjen for å vere flinke til å ta inn lærlingane.

– No er det totalt 94 lærlingar i fylket innan anleggsførar, fjell og bergverk, asfalt og anleggsteknikk. Då eg starta i jobben i 2008 hadde vi 34 lærlingar. Det året skreiv vi tolv nye lærlingkontraktar, og i fjor skreiv vi femti. Utviklinga har vore eventyrleg, seier Wicken.

Lærlingtida vert omtalt som «verdas lengste jobbintervju» av Wicken.

– Dei aller fleste tek vare på sjansen, og det er mykje positiv og flott ungdom i fylket vårt. No skal desse nye lærlingane bli ein del av eit system, og då er det viktig at dei sosialiserer seg og vert ein del av arbeidsmiljøet i verksemda.