Seljefløyte: Jonas Brautaset lukkast med å lage ei skikkeleg seljefløyte. Her saman med lærar Hilde Sandvik. (Foto: Einar Myrold)

Seljefløyte: Jonas Brautaset lukkast med å lage ei skikkeleg seljefløyte. Her saman med lærar Hilde Sandvik.Foto: Einar Myrold

God stemning: Framme: Sjur Weider, Herman Gottfried Mayer, Sondre Bolli Austrheim, Torvald Aarsæther Storli og Jakob Fischer Blichfeldt. (Foto: Einar Myrold)

God stemning: Framme: Sjur Weider, Herman Gottfried Mayer, Sondre Bolli Austrheim, Torvald Aarsæther Storli og Jakob Fischer Blichfeldt.Foto: Einar Myrold

Hjarte- og lungeredning: Truls Bjørdal og Daniel Opsal Dvergsdal i gang med å teste ferdigheitene i hjarte- og lungeredning. (Foto: Einar Myrold)

Hjarte- og lungeredning: Truls Bjørdal og Daniel Opsal Dvergsdal i gang med å teste ferdigheitene i hjarte- og lungeredning.Foto: Einar Myrold

Aktivitetsdag: Tora Ose, Ada Hovde, Silje Fosse Ryste og Lea Hanebrekke Lefdal i gang med naturstien under aktivitetsdagen til åttandeklassingane ved Ørsta ungdomsskule tysdag. Alle foto: Einar Myrold (Foto: Gunnar Festøy)

Aktivitetsdag: Tora Ose, Ada Hovde, Silje Fosse Ryste og Lea Hanebrekke Lefdal i gang med naturstien under aktivitetsdagen til åttandeklassingane ved Ørsta ungdomsskule tysdag. Alle foto: Einar MyroldFoto: Gunnar Festøy

1 / 4

– Kjekk og aktiv utedag

Tysdag hadde åttandeklassingane ved Ørsta ungdomsskule aktivitetsdag med natursti, opplæring i førstehjelp og laging av seljefløyte ved Hovdevatnet.

– Hovdevatnet er svært godt eigna og tilrettelagt plass for å ha slike dagar. Vi var nesten fulltalige som nytta sykkelen for å kome oss til og frå Hovdevatnet. Elevane stilte med syklar og hjelmar i staden for at foreldra køyrer dei i bilar. Dette er ein del av trimmen og aktiviteten på tvers av klassene. Det var nesten ingen bilar å sjå, og det er slik det skal vere, seier kroppsøvingslærar Einar Myrold.

Målet med aktivitetsdagen er å fremje glede over fysisk aktivitet og å vere ute i naturen. Det var lagt opp til mange aktivitetar for dei fire åttandeklassene.

– Elevane var gjennom ein natursti. Her nytta elevane seg av mobiltelefon til å legge inn svara på spørsmåla, og då kunne lærarane raskt halde seg oppdatert på om elvane hadde svart riktig eller gale på spørsmåla. Elevane fekk og testa ferdigheitene sine då dei skulle prøve å lage seljefløyte. I tillegg hadde vi ein post der elevane fekk innføring i hjarte- og lungeredning.

Dei ulike elevgruppene rullerte mellom aktivitetane, og det var og tid til felles matpause ved den kommunale badeplassen.

– Med tilgang til toalett og ulike grillstadar er Hovdevatnet eit flott område. Det er og sett ut bosbytter som gjorde at det er svært enkelt å rydde etter seg.

Aktivitetsdagen til åttandeklassingane ved Ørsta ungdomsskule vart ein suksess, og det var mange blide andlet å sjå då skuledagen var over.

– Ein slik aktivitetsdag handlar om opplevingar, og å få vere med på aktivitetar som både er spennande og utfordrande. Det å bruke ein heil skuledag ved Hovdevatnet er ingen problem. Eg skulle gjerne sett at det var meir av slike aktivitetsdagar, og dagar det vi flytta klasserommet ut. Vi er heldige i Ørsta som har mange flotte stadar som eignar seg godt til å drive uteskule. Gjennom ein slik dag får elevane samarbeide på andre område enn vanleg, og det har mykje å seie for miljøet.

Meir å lese på Møre-Nytt:

Å bruke ein heil skuledag ved Hovdevatnet er ingen problem

Dette vert lest no:

Nytt utspel i Bjørke-debatten

I eit brev underskrive av 25 personar på Bjørke vert det reist kritikk mot «unge vaksne » sitt utspel om grensejustering.

Portrett

Brødrene Øyehaug - ved to av dei

For brørne Einar og Per Øyehaug er nøysemd, gründerånd og skepsis til banklån noko dei har i blodet.

75 års-jubileum

Ein siste skanse i møbelbygda

Denne hausten feirar Brødr. Øyehaug 75-årsjubileum. Dei har ei historie å vere stolte av.

Siste dans for Marna

Marna Haugen Burøe er ute av "Skal vi danse"

Tatt for fyllekøyring

Politiet stoppa bilførar i Hovdebygda. Mistanke om promille.

- Ein pris mange fortener ein bit av

Per Oddvar «Prots» Hildre om å ha fått St. Olavs Orden.

Høgtideleg seremoni

Prots fekk St. Olav

Kordirigenten Per Oddvar "Prots" Hildre fekk overrekt St. Olavs orden laurdag.