Eit samrøystes formannskap gjekk inn for å utsette handsaming av utvidinga av Velle skule. Formannskapet ber administrasjonen om å utarbeide eit forprosjekt for utvidinga som m.a. er meir nøyaktig på kostnadssida. Kostnadsramma som låg inn i tilrådinga i saka var på 24,9 millionar kroner inklusiv moms, men i diskusjonen under møtet kom det fram signal om at ein meir realistisk kostnad er rundt 20 millionar kroner pluss moms. Forslaget som formannskapet gjekk inn for vart lagt fram av ordførar Stein Aam. Fleire av politikarane peika på pengebruken, men at situasjonen i skulen er prekær og at det må setjast i verk tiltak.

I vedtaket frå formannskapet heiter det at saka skal handsamast så snart som mogleg i levekårsutvalet og kommunestyret. Truleg vil dette skje på møta i slutten av august eller i slutten av september.