Kenneth Hustad og sonen Glenn-Robin Hustad har saman med Eivind Dimmen drive firmaet Bondalen Maskin AS i eitt år. Dei har investert i ny og solid rundballepresse og slåmaskin og ei eiga maskin som kan ta opp torv.

– Ting har gått over all forventning. Ikkje alle bønder har lyst til å investere i slikt kostbart utstyr. Då leiger dei oss inn til å slå markane. Vi tilbyr også snørydding og transport av massar, og sel ferdiggras på rull både til torvtak og til grøntareal. Det er meir snakk om at vi ikkje får utvida raskt nok, enn at vi ikkje har nok oppdrag, fortel dei to.

Torv: Den nye maskina kan ta opp 50 kvm med torv på berre ti minutt. – Det er noko anna enn då eg låg på kne og olbogar for å få opp torva, humrar Kenneth Hustad.

Særleg torv er populært.

– Det er andre tider no enn då eg låg på kne og olbogar for å få opp torva. Då tok det tre timar å fylle ei last. Den nye maskina vår kan ta opp 50 kvadratmeter med torv på ti minutt, fortel Kenneth Hustad.

Dei har ikkje dyr på garden, og har difor valt å tenke nytt for å kunne halde markane i hevd og for å kunne drive og bu på garden.

– No har vi rundt 50 mål med markar der vi kan hente opp torv. Vi har stor pågang, og treng tilgang på meir mark. Folk vil ha plen! Det er ein annan skala enn det dei driv med andre stader i landet, som i Trøndelag eller på Austlandet, der dei har enorme område å ta av. Der er dei også fleire om beinet, men vi er dei einaste i området som gjer dette. Vi håper på å kunne utvide etter kvart, men markane er etterspurde her i området. Bøndene treng dei til fôr for dyra.

Hovudtyngda av verksemda er likevel slåtten. No er førsteslåtten i gang, og dei har oppdrag i heile distriktet.

– Ting er sjølvsagt avhengig av vêret. Vått gras er ikkje noko særleg. Vi har ein typisk sunnmørssommar akkurat no.

Både far og son er periodevis på jobb på sjøen, men jobbar for Bondalen Maskin når dei er heime. Glenn-Robin Hustad har alltid hatt stor interesse for faget, og stortrivst i arbeid på markane.

– Eg byrja å jobbe som avløysar allereie då eg var 13 år. Eg ser føre meg at dette kan verte eit godt levebrød. Eg stortrivst.

– Dette er både eit supplement til jobbane vi allereie har, det er ei interesse for oss, og det er også ein nisje som vi har trua på. Vi likar å røle av utstyret vårt. Vi har høg kvalitet. Det treng vi også på desse kantar, med ulendt terreng og våte somrar.