Det var ein sprudlande ordførar Stein Aam som fredag signerte kontrakten for bygginga av fleirbrukshallen i Ørsta med entreprenørfirmaet HS-Bygg frå Stryn.

Dagleg leiar i HS-Bygg, Knut Løvdal Stauri fortel at det vert oppstartsmøte for byggjeprosjektet komande måndag, og då vil det gå slag i slag. Byggjestarten vil skje i løpet av kort tid.

– Innan fyrste august skal klubbhuset til Ørsta IL vere tømt, ridehallen skal vere fjerna, og også barnehagelokala skal vere tømde, fortel prosjektleiar Frank Flusund.

Det var ei høgtidsam stemning då kontrakten vart signert. For Ørsta kommune er dette den største einskildkontrakten nokon gong.

157 millionar kroner

Kontrakten er på 157 millionar kroner inklusiv mons, 125,5 millionar kroner utan moms. Han gjeld bygginga av fleirbrukshallen med tre flater for handball, klatrevegg, plass for teleskoptribune, klubblokale for Ørsta IL, utandørs tribune mot Ørsta stadion, fem garderobesett m.v.

– Dette er ein historisk dag. Det har vorte arbeidd med hallen svært lenge. Dette er eit prestisjeprosjekt, ikkje berre for Ørsta, men for heile regionen, seier Aam.

Det seier Løvdal Stauri seg samd i.

– Også for HS-Bygg er dette eit prestisjeprosjekt. Ørsta og Søre Sunnmøre har vorte ein del av vårt satsingsområde etter at Kvivsvegen kom, og området vil vere ein viktig marknad for oss, poengterer Løvdal Stauri.

Til stades under signeringa var fleire som har arbeidd lenge med hallprosjektet.

– Vi får no ein funksjonell hall med alle basisfunksjonar på plass. Sjølv har eg arbeidd med prosjektet sidan 2003, og det er fleire gonger vi har trudd vi har vore i mål. Men økonomien har stoppa oss, seier Gunnar Knutsen, leiar i Ørsta Idrettspark AS.

Også kulturrådgjevar Jostein Mo er glad for at fleirbrukshallen no har gått over frå ein prosjekteringsfase og over i ein byggjefase.

– Heilt sidan 1991 har det vorte snakka om ein ny hall i Ørsta, og store prosjekt tek alltid tid. Det viktige no er at det knapt er motstand lenger, og no seier vi alle vi om prosjektet, seier Mo.