– Dette er ni fleire enn i same periode i fjor. Vi har hatt ein massiv auke, og har følgt mellom 10 og 20 barn til avhøyr på Barnehuset i Ålesund. Slike valds- og overgrepssaker krev store menneskelege ressursar, og tek mykje tid til førebuing, gjennomføring og etterarbeid, skriv barnevernssjef Brynhild Solvang i rapporten.

Meldingane gjeld kommunane Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta, som er med i det interkommunale barnevernet.

Tiltak

I rapporten fortel Solvang at dei får flest meldingar frå asylmottaka, UDI, foreldre, politiet og helsestasjonar, men også frå skular, foreldre og andre.

Barnevernet har ingen bort på kravet om gjennomgang av nye meldingar innan ei veke.

Dei har gjennomført 123 undersøkingar i perioden. 91 av desse, dvs. 74 prosent, var innanfor fristen på tre eller seks månader.

– Vi har dermed 26 prosent fristbrot i perioden. Det er framleis for høgt. Vi har sett inn tiltak, og arbeider for å kome ytterlegare ned. Til dette er det også å seie at vi har prioritert personale over til omsorgsteamet, for å stette lovkrava om talet på oppfølgingsbesøk for barn som bur utanfor heimen. Dette har medført ventelister på undersøkingar og oppfølging av heimebuande barn. Her har vi måtte prioritere ut ifrå alvorsgraden i sakene. Men vi vil vere bevisst at det alltid vil vere nokre saker som også av

eksterne årsaker ikkje let seg ferdigstille innan frist.

Tal

Kommunevise tal på saker der undersøkingstida er overskride i perioden januar – april (her kan det vere fleire barn i ein og same familie som gir utteljing. Nokre undersøkingar har også «følgt med» frå før årsskiftet):

Hareid: 6

Ulstein: 5

Volda: 6

Ørsta: 15

Barnevernet har ansvar for 242 heimebuande barn som har teke imot hjelpetiltak i perioden. Dette er tre fleire enn på same tid i fjor. Dette er 38 i Hareid, 42 i Ulstein, 73 i Volda (inkl. 17 einslege mindreårige) og 89 i Ørsta (inkl. 20 einslege mindreårige).

Barnevernet har også ansvar for 80 barn som bur utanfor heimen. 15 i Hareid, 29 i Ulstein, 21 i Volda og 15 i Ørsta.