Solceller: Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda skal få solcelleanlegg på taket. Oppdraget vart ikkje lyst ut på anbod, men gitt til Tussa Installasjon gjennom ein rammeavtale.
(Foto: Janne-Marit M. Falch)

Solceller: Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda skal få solcelleanlegg på taket. Oppdraget vart ikkje lyst ut på anbod, men gitt til Tussa Installasjon gjennom ein rammeavtale. Foto: Janne-Marit M. Falch

Meiner solcelleprosjekt burde vore på anbod

Ein entreprenør stiller seg undrande til at Statsbygg ikkje har lyst ut solcellesatsinga ved høgskulen på anbod. Statsbygg forsvarer valet.

- Dette er eit klart avgrensa prosjekt, og eit nytt innkjøp, ikkje service eller vedlikehald.

Difor stiller vi oss undrande til at prosjektet ikkje har vore gjenstand for offentleg anbod, skriv verksemda Klar Energy i Hareid i ein e-post til Statsbygg.

I mai kom nyheita om at Høgskulen i Volda satsar stort på montering av solcelleanlegg på taket til Berte Kanutte-huset.

Tussa fekk oppdraget

Tussa Installasjon fekk oppdraget med å montere 570 solceller over 1.000 kvadratmeter på taket. Solcellene skal levere om lag 10 prosent av straumen til huset.

- No blir Berte Kanutte-huset eit av dei første bygga som Statsbygg eig med solcellepanel på taket, sa Frank Lande i Statsbygg til nettstaden til Høgskulen i Volda då prosjektet vart offentleggjort.

Hovudregelen at det offentlege skal gjennomføre anbodskonkurransar før dei tildeler kontraktar eller gjer innkjøp. Solcellejobben ved høgskulen har ein verdi på 2,5 mill. kroner, ifølgje Klar Energy.

Nytta rammeavtale

Statsbygg forklarer den manglande anbodskonkurransen med at dei har nytta seg av ein rammeavtale.

Statsbygg nyttar rammeavtalar som eit verktøy i forvaltninga vår av eigedommar, og disse blir alltid lyste ut i Doffin (anbodsportal på nettet, journ.merk.) for dei blir inngått. I rammeavtalen våre for drift og vedlikehald kan det også innebere oppgradering ved utskifting av anlegg, slik som i dette tilfellet der vi skiftar ut eit sinktak med solceller. I dette tilfellet valde vi å nytte rammeavtalen, men Statsbygg har planar om å installere fleire anlegg med solceller på bygningsmassen vår, og då er det stort sannsyn for at desse blir annonserte i Doffin, skriv eigedomsforvaltar Geir Skaaren i Statsbygg i svaret til Klar Energy.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Omorganiseringar ved AV-senteret

Nettskule frå Volda til Aurskog

Norsk Nettskole og Pedit flyttar frå Volda til Aurskog.

Satsar på ny utekino

I fjor haust kom det over hundre for å sjå grøssaren «De dødes tjern». Til hausten satsar Hjørundfjord filmteater på utekino nok ein gong.

Synnøve er ny formidlar i Aasen-tunet

– Eg er oppteken av å spreie kunnskap om nynorsk og forklare kva som var bakgrunnen for at han kom. Som formidlar i Aasen-tunet får eg drive med det eg brenn for, seier ho.

Lause hestar i Ørsta

- Mann med gulrøter observert springande etter.

– Vil samle bygdefolket på Vartdal

Frå torsdag 24. august til og med søndag 27. august vert årets Vartdalsstranddagar halde.

Den nye hotelleigaren ser eit stort potensial i Hotell Ivar Aasen

– Dess meir eg har vore på Hotell Ivar Aasen, dess meir smiler eg. Dette hotellet har enormt potensial!

Cupkamp framskunda til onsdag

Volda møter neste hinder i NM allereie onsdag kveld, når Førde kjem til Voldahallen.

Kranseskål for det nye legesenteret

- Dette vert eit fantastisk bygg

Bygginga av det nye legesenteret er i rute.

Håskjold Nyland ute av landslaget

Voldingen Ørjan Håskjold Nyland er vraka frå landslaget i fotball.

Har fått første avling av økologiske grønsaker

Kål i mange variantar, bønner, erter, gulrot, fennikel og salat. Det bognar av økologiske godbitar i grønsaksåkeren til Ørsta andelsgard for tida.