- Dette er eit klart avgrensa prosjekt, og eit nytt innkjøp, ikkje service eller vedlikehald.

Difor stiller vi oss undrande til at prosjektet ikkje har vore gjenstand for offentleg anbod, skriv verksemda Klar Energy i Hareid i ein e-post til Statsbygg.

I mai kom nyheita om at Høgskulen i Volda satsar stort på montering av solcelleanlegg på taket til Berte Kanutte-huset.

Tussa fekk oppdraget

Tussa Installasjon fekk oppdraget med å montere 570 solceller over 1.000 kvadratmeter på taket. Solcellene skal levere om lag 10 prosent av straumen til huset.

- No blir Berte Kanutte-huset eit av dei første bygga som Statsbygg eig med solcellepanel på taket, sa Frank Lande i Statsbygg til nettstaden til Høgskulen i Volda då prosjektet vart offentleggjort.

Hovudregelen at det offentlege skal gjennomføre anbodskonkurransar før dei tildeler kontraktar eller gjer innkjøp. Solcellejobben ved høgskulen har ein verdi på 2,5 mill. kroner, ifølgje Klar Energy.

Nytta rammeavtale

Statsbygg forklarer den manglande anbodskonkurransen med at dei har nytta seg av ein rammeavtale.

Statsbygg nyttar rammeavtalar som eit verktøy i forvaltninga vår av eigedommar, og disse blir alltid lyste ut i Doffin (anbodsportal på nettet, journ.merk.) for dei blir inngått. I rammeavtalen våre for drift og vedlikehald kan det også innebere oppgradering ved utskifting av anlegg, slik som i dette tilfellet der vi skiftar ut eit sinktak med solceller. I dette tilfellet valde vi å nytte rammeavtalen, men Statsbygg har planar om å installere fleire anlegg med solceller på bygningsmassen vår, og då er det stort sannsyn for at desse blir annonserte i Doffin, skriv eigedomsforvaltar Geir Skaaren i Statsbygg i svaret til Klar Energy.