Denne veka har Steinar Masdal på oppdrag for Arnco gjort siste del av grunnarbeidet ved Hammaren, og området bak Vartdal helsetun kan snart takast i bruk. Tilkomsten til Hammaren er no universelt utforma, og ved Hammaren er det laga til eit stort område der brukarane av Vartdal helsetun får ei flott utsikt over Vartdals- og Sulafjorden. Det som står att før området kan takast skikkeleg i bruk er asfaltering. I tillegg er det planar om at området og turvegen skal få skikkeleg belysning.

Utsiktspunkt: Eit stort område er no opparbeidd ved Hammaren bak Vartdal helsetun. Det skal ryddast meir skog før området er ferdigstilt, og då kan brukarane nyte god utsikt over Sula- og Vartdalsfjorden.

– Det vart avsett 200.000 kroner til dette prosjektet, og Seksjon tekniske tenester i kommunen tok på seg ansvaret for gjennomføringa av prosjektet, seier kommunegartnar Olav Saure som har vore koordinator i prosjektet.

Eit betre uteområde var Vartdal helsetun har vore etterspurd lenge. Tidlegare har både brukarutvalet og pårørandeforeininga påpeikt at uteområdet ikkje har sett bra ut, og at området måtte opparbeidast slik at det kunne kome til nytte og glede for bebuarane og tilsette. I februar sette Ørsta kommune i gang med prosjektet med Hammaren. Lengda på turstien er om lag seksti meter, og vegen er i størst mogleg grad tilpassa vegetasjonen. På sikt kan det verte aktuelt med sitjegrupper, låg levegg/enkelt takoverbygg og eit leikeapparat for born som er på besøk.

– Pårørandegruppa skal ha honnør for å ha stått på for å få dette til, i tillegg til Vartdal helsetun. I denne omgang er det ikkje midlar til å kjøpe inn utemøblar til å ha på uteplassen ved Hammaren.

Det har blitt rydda litt skog ved Hammaren, men det skal gjerast meir slik at utsikta vert endå betre for brukarane.

Askjellhaugen: Eit større dreneringsarbeid nærmar seg ferdigstilling ved Askjellhaugen. Vona er at problema med mykje vatn i bakken skal betre seg.

Utbetringar ved Askjellhaugen

I tillegg til arbeidet på Vartdal helsetun er kommunen i gang med arbeid på Askjellhaugen. Ole Stokke Maskin AS er i gang grøfting bak gravplassen slik at det vert skikkeleg drenering.

– Det har vore veldig vått i bakken både når vi har slått plenane og når vi grev graver. Vi greier nok ikkje å ta vekk alt vatnet med dreneringa som no vert gjort, men det blir betring. No blir det lagt rør, og vi får ført vekk mykje av vatnet som kjem ned mot Askjellhaugen, seier Saure.