– Vi jobbar for å kunne opne «Påfuglen» snarast, men ting tek litt lenger tid enn venta. Men det vert jobba målretta i samarbeid med AG Plan og Arkitektur, og det er søkt om bruksendring av lokalet. Det skal også gjerast litt ombygging og tilrettelegging slik at også rørslehemma kan nytte lokalet, fortel styreleiar for Hotell Ivar Aasen, Thomas Lundberg.

Foreininga Musikk i sentrum skal samarbeide med hotellet om drifta av den legendariske nattklubben der det vert lagt opp til alt frå musikkveldar, diskotek og klubbkveldar, til fotballkveldar med storskjermar, quiz, temakveldar og meir.

Hotellet skal også tilsetje ny hotelldirektør. Interessa er stor.

– Vi har fått nær tretti søkjarar, alle er godt kvalifiserte og vi har mange spennande namn på blokka. Vi har også vorte tipsa om moglege kandidatar, og det er tydeleg at der er eit engasjement kring hotellet, noko vi likar veldig godt, fortel Lundberg.

Det vil truleg ikkje gå lang tid før den nye direktøren er på plass.

Løfte hotellet

– Vi skal ha ei intervjurunde i neste veke. Då skal vi finne fram til den kandidaten som kan vere med og løfte hotellet og drifta, ei svært viktig rolle både for hotellet og for Ørsta.

Onsdag starta arbeidet med å gjere fasaden til den gamle delen av hotellet finare.

– Det kvite på fasaden skal målast endå kvitare, og det gule skal dempast litt, fortel Thomas Lundberg.

Sentrumspådrivar Lars Oscar Fossen Øvstegård er særs nøgd med at hotelleigaren, Sparebank 1 Søre Sunnmøre, også satsar på å gjere hotellet finare utvendig. Fossen er ikkje lenger konsulent for banken, men har vore involvert i samband med arbeidet med å gjere fasaden finare.

– Det er veldig kjekt at dei no vil måle hotellet, ja, eg er imponert over hotellet si satsing, og at dei brukar pengar på måling no sjølv om det om få år skal gjerast større grep for fasaden. Det er grunn til å rette stor takk til Thomas Lundberg og eigedomsforvaltar Bernt Østgaard for at dei raskt syter for at hotellet skal skine. Det er viktig for sentrum at hotellet ser bra ut. Det er også flott at hotellet no prøver å skape meir liv og røre der. I den samanheng vil eg oppmode meg sjølv og andre om å bruke hotellet. Det er nøkkelen til utvikling. Og når dei attpåtil no har sosekjøt på hotellet, burde det vere enkelt å ta turen, seier ein smilande Øvstegaard.

«Etter jobb»

Hotellet har siste tida satsa på utvida tilbod. Konseptet «Etter jobb», som vert halde kvar fredag ein gong i månaden der folk kan stikke innom etter arbeidstid for noko godt å drikke eller ete, har vorte teke godt imot. Første gongen kom der kring tretti personar, noko Lundberg er godt nøgd med. Også dansekveldar er teke godt imot.

– Folk set også pris på det som vert servert frå kjøkkenet. Mange skryt av både kvardagsmaten og festmaten. For dei som ikkje veit det, er det slik at folk kan stikke innom dagleg for å ete lunsj på linje med andre matplassar i Ørsta, og maten er god, sørvisen er topp og prisane konkurransedyktige, reklamerer styreleiaren for hotellet som gir skryt til alle tilsette.

– Dei står på for at alle skal få ei så god hotelloppleving som mogleg, rosar Lundberg.