Sjef: Rolf Magnus Sundgot er teknisk sjef i Ørsta kommune.
            (Foto: Janne-Marit M. Falch)

Sjef: Rolf Magnus Sundgot er teknisk sjef i Ørsta kommune.Foto: Janne-Marit M. Falch

Vil ringje folk om framtida til Bjørke

Grendelaget på Bjørke vil at det skal gjennomførast telefonundersøking i samband med spørsmålet om Bjørke skal gå over til Volda kommune eller ikkje.

Dette kom fram på eit samarbeidsmøte Bjørke grendalag hadde med toppleiinga i Ørsta kommune 22. mai.

Ørsta kommune er positiv til at det vert gjennomført spørjeundersøking om ja/nei til overflytting til Volda kommune. Undersøkinga skal gjennomførast etter stortingsvalet, og etter eit folkemøte til hausten.

– Viss spørjeundersøkinga gir nei til svar, er saka avslutta. Seier ho ja, må ho til kommunestyret, seier teknisk sjef Rolf Magnus Sundgot.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Tolv år og kyrkjeorganist

Eirik Stave er berre tolv år, men spelar kyrkjeorgel som om han ikkje skulle ha gjort anna.

Per Inge ryddar Ørsta

På 150 meter på Mosflata, samla Per Inge Rebbestad 14 sekkar med bos, isoporrestar, bildelar, oljetønner og restane av ei gatelykt.

Ny flyrute til Oslo

Widerøe aukar kapasiteten på Ørsta–Volda lufthamn, Hovden.

Takkar for gjevargleda

Leiaren for tv-aksjonen i Ørsta, varaordførar Karen Høydal, er sværet takksam for gjevargleda,

Ørsta legesenter skårar lågt

Ørsta Legesenter skårar lågt på Forbrukarrådet si rangering av informasjonsflyten og sørvisen hos landets fastlegekontor.