Mindretalet i saka, med leiar Odd Magne Vinjevoll (Frp) i spissen, ynskte å utsetje saka til august. Dette for å få ei grundigare utgreiing av dei økonomiske spørsmåla knytt til saka.

I tillegg til klasseromma, skal det også kome tilhøyrande grupperom, garderobar og toalett. Samla areal er fem hundre kvm, og oppgraderinga omfattar vidare kapasitet på ventilasjonsanlegg, lukking av branntekniske avvik, etablering av arbeidsrom for tilsette og solskjerming.

Prosjektet har ei samla kostnadsramme på inntil 24,9 millionar kroner og skal finansierast gjennom nye låneopptak.

Levekårsutvalet tok ei synfaring under handsaminga av saka, og då saka vart handsama i møtet, ynskte Odd Magne Vinjevoll (Frp) å utsetje saka til det neste møtet i levekårsutvalet den 30. august og kommunestyret 21. september. Han ynskte å få ei breiare konsekvensutgreiing–spesielt økonomisk. Dette forslaget fekk fire røyster, og fall.

Under førebuinga til denne saka, har andre løysingar for Velle skule vorte vurderte, som paviljongar og andre former for lettbygg. Desse ville ikkje ha løyst avvika som er meldt inn m.a. på branntekniske forhold.

– Ut frå dette er det difor

mest fornuftig å bygge fire klasserom med grupperom, garderobar og toalett i samsvar med tidlegare planar. Dette vil gi lovlege arbeidsrom for personalet, lovleg plass til elevane i dei 14 klassene skulen har no, og rom til ei introklasse. heiter det i saksutgreiinga.

Det planlagde tilbygget gir ingen auka kapasitet på Velle skule utover at der vert lovleg plass til normale klassestorleikar.

–Men ein ser for seg at flytting av Ørsta vidaregåande skule på sikt vil gi rom for utviding av skulen slik at denne kan vere ein «buffer» for toppane til både Vikemarka, Hovden og eventuelt Dalane skular. Dette er likevel eit stykke fram i tid, men ei forklaring på kvifor ein ikkje foreslår ei meir omfattande utbygging no, heiter det i saksutgreiinga.

Utbygginga vil frigje fire mindre klasserom i gamlebygget.

– Tre av desse er planlagd nytta til arbeidsrom for tilsette, og skal fullt ut erstatte dei ulovleg etablerte kontora i tredje etasje. Det fjerde klasserommet er

tenkt nytta til introduksjonsklassa. All varig personopphald i tredje etasje vert avvikla og branntekniske avvik for etasjen vert såleis lukka, heiter det i saksutgreiinga frå rådmannen.