Ny leiar: Joar Gjerde (42) tek over som dagleg leiar i Frøy.
(Foto: Vikebladet Vestposten)

Ny leiar: Joar Gjerde (42) tek over som dagleg leiar i Frøy. Foto: Vikebladet Vestposten

Holsvik sluttar som dagleg leiar

Leiarskifte i Frøy

Joar Gjerde (42) tek over som dagleg leiar i Frøy AS, etter at gründer Torstein Holsvik har valt å slutte i stillinga.

Frøy Vest AS og Frøy Vest Rederi AS driv med sørvisarbeid inn mot havbruksnæringa, i tillegg til dykkarinspeksjonar. Selskapa har base i Måløy, Florø og Ørsta.

Totalt opererer selskapet 20 fartøy, og har om lag 140 tilsette. Selskapet er i ekspansjon, og har for tida fartøy under bygging.

Selskapa har gjort endringar i leiinga for å ta vare på vidare vekst og ekspansjon, vert det opplyst i ei pressemelding frå selskapet. Ny dagleg leiar er Joar Gjerde (42) og mannskapssjef Brit Ytrebø (51).

Joar Gjerde har brei erfaring innanfor den maritime næringa, og kjem frå stillinga som salssjef i ABB Marine, der han hadde ei global rolle innan sal og marknadsføring av utstyr til offshorefartøy.

Før han byrja i ABB, hadde Gjerde fleire års erfaring frå salsavdelinga på Ulstein Verft der han den siste perioden var salssjef. Joar er utdanna siviløkonom frå HHB.

Brit Ytrebø har meir enn 20 års erfaring innanfor reiarlagsverksemd, og kjem frå stillinga som mannskapssjef i REM Maritime AS. Brit har økonomibakgrunn og har tidlegare også jobba i banknæringa.

– Brei leiarerfaring

– Vi er svært tilfreds med at Joar Gjerde og Brit Ytrebø har takka ja til å gå inn i desse nye stillingane. Begge har brei leiarerfaring frå store nasjonale og internasjonale selskap, god forretningsmessig forståing, og vi er trygge på at dei har dei eigenskapane som skal til for å skape vekst og gode økonomiske resultat for Frøy Vest AS og Frøy Vest Rederi AS framover, seier eigar og styreleiar Helge Gåsø i Frøygruppen.

Joar Gjerde tek over stillinga som dagleg leiar etter Torstein Holsvik. Han vil halde fram i selskapa inntil vidare, og vil vere ein viktig ressurs for ny dagleg leia i introduksjonsfasen, heiter det i pressemeldinga.

– Det er med stort engasjement og stoltheit eg har takka ja til å verte Frøy Vest sin nye daglege leiar og ein del av Frøygruppa.

Frøy Vest AS og Frøygruppa er ein av de største aktørane innanfor sørvistenester til havbruksnæringa, og har ein solid posisjon i marknaden. Vi har gode føresetnader for å lykkast vidare, og eg gler meg til å verte kjend med denne bransjen, seier Joar Gjerde.

Meir å lese på Møre-Nytt:

Møre-Nytt ynskjer ein open og sakleg debatt. Alle innlegg vert kontrollerte etter publisering. Innlegg kan verte forkorta, redigerte eller fjerna. Det fulle namnet ditt må anten gå fram av e-postadressa, brukarnamnet eller Facebook-profilen din.

Går av: Torstein Holsvik går av som dagleg leiar i Frøy AS.
(Foto: Roy-Arne Folkestad)

Går av: Torstein Holsvik går av som dagleg leiar i Frøy AS. Foto: Roy-Arne Folkestad

Dette vert lest no:

Fortvilar over skadeverk

Arne fekk båt skadd etter steinkasting.

Store utfordringar med fyrsteslåtten

Bøndene i Ørsta har utfordringar med årets fyrsteslått, grunna mykje nedbør. Dei fleste ligg langt bak skjema.

Siste sirkus på Utstillingsplassen

Torsdag vart sirkusteltet til Cirkus Arnardo reist på Utstillingsplassen i Ørsta for siste gong.

Elevane sigra mot lærarane

I år var det elevane ved Ørsta ungdomsskule som kunne juble høgast i den tradisjonsrike fotballkampen mellom elevane og lærarane.

NAV til Tindebygget

NAV Ørsta og Volda flyttar frå Strandgata til nye lokale i Tindebygget i Ivar Aasen-gata.

Kommunen kjøper hamna i Volda

I dag vedtek truleg Volda kommune at dei kjøper den statlege fiskerihamna i sentrum frå Kystverket.

Åtvarar mot kulturhus i sentrum

Rådmannen i Volda åtvarar mot å insistere på eit kulturhus i sentrum framfor samarbeid med høgskulen på campus.