Fekk Høgebrua tilbake på prioriteringslista

Det seier ordførar Stein Aam etter møte i fylkesutvalet og fylkestinget 12. juni og 13. juni.

– Det er snakk om 37 millionar kroner for å utbetre strekninga med gang- og sykkelveg, og ny bru. Høgebrua er i dag ein meindeksl, som vi seier i Åmdalen, eit problem. Med den auka trafikken vi ser framover dalen er det klart at vi må bygge ny bru.

Han legg til at dette kjem langt ned på prioriteringslista.

– Men ho er i alle fall inne og ikkje ute, slår han nøgd fast.

Han rosar særleg Kristin Sørheim (SP) i fylkesutvalet for å ha stått på for å få fylkeskommunen til å prioritere utbetringar av gang- og sykkelvegar.

– For ikkje å snakke om alle grupperingane i Ørsta som har spelt dette inn for sine respektive parti.

Investeringsbehovet for vegsambanda i Møre og Romsdal er stort. Først på lista står Nordøyvegen. Nordøyvegen vil gi fastlandssamband til rundt 2.900 menneske og knyter dei om lag 10.000 innbyggjarane i kommunane Haram og Sandøy nærare saman. Kostnadsramma til Nordøyvegen er på 3,786 mrd. kroner.

– Men no er det også snakk om at nye løysingar kan gjere dette billegare. Men det vil ta noko tid å greie det ut.

Frå 2020 ligg også strekninga Brungot-Mosflatevegen inne på prioriteringslista for gang- og sykkelvegar, med 10 millionar kroner i 2020, 13 millionar kroner i 2021 og sju millionar kroner i perioden 2022-2028.

Også Norangsdalen er inne på ein 15. plass på prioriteringslista over utbetringar av fylkesvegar. Her står det at turistar frå hurtigruteanløp i Hjørundfjorden vert frakta i bussar sommarhalvåret, men at vegen har dårleg bereevne.

På 11. plass på prioriteringslista ligg strekninga Steinsvik-Folkestad, der det er sviktande vegfundament og skulder, og dårleg bereevne. Også Austefjorden ligg inne på prioriteringsplass 25, grunna at vegen har setningar og krakeleringar.

Frå 2022 ligg det inne seks millionar til Kalvassbrua i Volda, og 14 millionar kroner for skredsikring av Gjøtteneset i Volda.

Ordføraren nemner meir. Strekninga frå Sæbø ferjekai til skulen, frå Dalane skule til Hagenkrysset og til Vatnevegen. Melsvegen.

– Her er moglegheiter om vi er flinke, frampå og sel dette inn. Mange vil blidgjere fylkespolitikarane, men slik er spelet, og eg vil spele det. Eg har ei god kjensle. Dette lasset dreg vi saman i Ørsta.