Ny skule: Berre eit budsjettvedtak står att, i desember i år, før planlegginga av ny vidaregåande skule i Ørsta kan starte.

Ny skule: Berre eit budsjettvedtak står att, i desember i år, før planlegginga av ny vidaregåande skule i Ørsta kan starte.

– Samrøystes for Ørsta

Også fylkestinget seier samrøystes ja til å prioritere ny Ørsta vidaregåande skule.

Det fortel ordførar Stein Aam. Han har vore tilskodar på fylkestinget som vart halde i Fosnavåg 12. og 13. juni.

– Eg var ein svært glad mann då eg returnerte frå Fosnavåg. Framlegget om å prioritere nybygg i Ørsta på fjerdeplass i investeringsprogrammet vart spikra gjennom, fortel Aam.

Også fylkesutvalet var samrøystes då saka var oppe i møte 30. mai og i utdanningsutvalet 11. mai. Det er ikkje snakk om eit vedtak om å gjennomføre investeringane, men ei prioritering for gjennomføring av tiltak. Fylkeskommunen må ha økonomien på plass før dei kan bygge.

– No er det berre eit budsjettvedtak som står att før planlegginga kan starte. Men no er Ørsta inne. Det er ikkje lenger nokon tvil, seier ein nøgd ordførar.

Ny skule i Ørsta er estimert å koste 300 millionar kroner, og er planlagt bygd på nabotomta til kulturhuset for å kunne ha sambruk av dei to bygga. Om alt går i boks, vil tidlegast byggestart kunne vere i desember 2019.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Fortvilar over skadeverk

Arne fekk båt skadd etter steinkasting.

Store utfordringar med fyrsteslåtten

Bøndene i Ørsta har utfordringar med årets fyrsteslått, grunna mykje nedbør. Dei fleste ligg langt bak skjema.

Siste sirkus på Utstillingsplassen

Torsdag vart sirkusteltet til Cirkus Arnardo reist på Utstillingsplassen i Ørsta for siste gong.

Elevane sigra mot lærarane

I år var det elevane ved Ørsta ungdomsskule som kunne juble høgast i den tradisjonsrike fotballkampen mellom elevane og lærarane.

NAV til Tindebygget

NAV Ørsta og Volda flyttar frå Strandgata til nye lokale i Tindebygget i Ivar Aasen-gata.

Kommunen kjøper hamna i Volda

I dag vedtek truleg Volda kommune at dei kjøper den statlege fiskerihamna i sentrum frå Kystverket.

Åtvarar mot kulturhus i sentrum

Rådmannen i Volda åtvarar mot å insistere på eit kulturhus i sentrum framfor samarbeid med høgskulen på campus.