Det fortel ordførar Stein Aam. Han har vore tilskodar på fylkestinget som vart halde i Fosnavåg 12. og 13. juni.

– Eg var ein svært glad mann då eg returnerte frå Fosnavåg. Framlegget om å prioritere nybygg i Ørsta på fjerdeplass i investeringsprogrammet vart spikra gjennom, fortel Aam.

Også fylkesutvalet var samrøystes då saka var oppe i møte 30. mai og i utdanningsutvalet 11. mai. Det er ikkje snakk om eit vedtak om å gjennomføre investeringane, men ei prioritering for gjennomføring av tiltak. Fylkeskommunen må ha økonomien på plass før dei kan bygge.

– No er det berre eit budsjettvedtak som står att før planlegginga kan starte. Men no er Ørsta inne. Det er ikkje lenger nokon tvil, seier ein nøgd ordførar.

Ny skule i Ørsta er estimert å koste 300 millionar kroner, og er planlagt bygd på nabotomta til kulturhuset for å kunne ha sambruk av dei to bygga. Om alt går i boks, vil tidlegast byggestart kunne vere i desember 2019.