Etter 30 år med stor innsats, frå fleire, kan eigar og drivar av det verna Bakketunet på Bjørke, Marita Bett Aakre, endeleg seie orda ho lenge har drøymt om å seie.

– Alle dei seks bygningane i tunet er ferdig restaurert.

Familiearv

Ho er letta, glad, nøgd og kan truleg også endeleg få tilbake nattesøvnen. Bygningane er rusta for 100 nye år. Familiearven i bakkane på Åkre over Bjørke-bygda stod til forfall. Hjørundfjord kulturvernlag var dei som i si tid starta det omfattande restaureringsarbeidet, før Marita Bett Aakre tok over. I 2010 opna ho tunet for besøkande. Med kafé, kunstutstillingar, handverksarbeid og konsertar har fleire tusen besøkande lagt turen innom Bakketunet dei siste åra – sommarstid – til ein stad der tunet med alle bygningane sine, står fram som eit kunstverk i seg sjølv.

Sjel

Dei eldste bygningane i tunet er datert tilbake til 1549. Dette er difor det eldste heilskaplege gardstunet på Sunnmøre med, etter seiande, den eldste grindløda i landet. Tunet har stove, løde, stabbur, kufjøs, sauefjøs og stall. Siste bygning ut som har fått nytt liv, er sauefjøsen frå 1700-talet. Øydelagt materiale er skifta ut med nytt, men Tommi Râty frå firmaet Byggtrad Løvoll, fortel at dei har gjort sitt beste for å ta vare på mest mogleg av det opphavlege tømmeret.

– Vi har skifta ut om lag ein tredjedel. Det gamle tømmeret som er att kan halde i hundre år til. Der er ein eigen verdi i det gamle tømmeret. Det er prega av bruken, og her er mange spor som viser at tømmeret er gjenbruk, og at det har vorte brukt i andre bygningar tidlegare. Det fortel ei historie som nytt tømmer ikkje kan fortelje. Det har sjel, og det er dessutan mykje meir herda og solid enn nytt tømmer, seier han.

Firmaet demonterte heile sauefjøsen og tok det med til lokala sine i Hovdebygda. Der fekk det overhaling, og nytt tømmer vart plukka ut. Så køyrde dei det tilbake til Bakketunet og monterte sauefjøsen på nytt.

– Det er som lego. Veldig lett å ta opp og ned, seier Râty.

Opphavleg hadde sauefjøsen blikktak, av det meir rustne slaget. Marita Bett Aakre følte at det skilde seg ut frå dei andre bygningane i tunet, som alle har torvtak. Difor vert det no også torvtak på sauefjøsen. Med litt juks i botnen.

– Vi måtte ty til litt plast i staden for never i botnen. Det er rimelegare, fortel Aakre.

For restaurering av verna bygningar kostar. Det kostar mykje energi og arbeid, men det kostar også pengar.

– Totalt kjem denne restaureringa på om lag 250.000 kroner. Vi har fått pengar med Norsk kulturminnefond og frå fylket. No sist fekk vi nesten 40.000 kroner frå Ørsta kommune, som gjer at vi kan ferdigstille prosjektet. Eg er utruleg takksam.

Elevar frå Volda opplæringssenter stilte mannsterke til gards onsdag for å spa opp nok torv til taket.

– Det hadde vore ein alt for stor jobb for meg aleine, og eg set stor pris på all hjelp. Dei har verkeleg stått på!

Sauefjøsen får også golv over jordgolvet, for å gjere det mogleg å bruke bygningen. I tillegg har stallen fått nytt golv, løda er rydda og har fått nytt golv, og er godt eigna som konsertlokale, og sauefjøsen er klar til bruk.

– Det var dette som var målet då eg tok over her for 15 år sidan. Alt sprang ut frå ein ide om å skape eit kunstgalleri. Eg vart medviten på filosofien om vern gjennom bruk, og eg ville bruke alle husa. No er eg der.