I eit brev til kommunen klagar oppsitjarar i Hansholen på planane om å lage hovudsamleveg via Hansholen til Smådalane. Hovudføremålet med arbeidet er å utarbeide ein reguleringsplan for ny hovudveg mellom Melsvegen og Hansholen - for å avlaste eller fjerne trafikken som i dag går via Osgeila.

– Dette er vi sterkt imot då vi meiner at Hansholen ikkje er dimensjonert for eit slikt føremål. Hansholen er i vestenden regulert som gangveg, og i tillegg er gata veldig smal. Det er ikkje mogleg for to bilar å passere kvarandre. Dersom Hansholen vert hovudsamleveg, og folk frå Rystefeltet skal bruke vegen, vil dette vere ein like stor risiko for våre barn, som det som er problemet no i Osgeila.

Oppsitjarane skriv at der bur 13 barn i gata.

– Og alle er like mykje verd som dei på nedre Ose som no prøver å få stengt Osgeila på grunn av auka trafikkmengd, som kom etter at Rema 1000 opna. Vi aksepterer ikkje å ta over andre sitt problem, som set våre barn sine liv i fare, for at kommunen skal ha ei rask løysing på dette, skriv dei.

Vidare skriv dei at det ikkje er haldbart om dei må køyre heilt fram i Melsvegen for å kome seg inn på E39, grunna forholdet i krysset ved Rema 1000.

– Det er svært vanskeleg å kome seg inn på hovudvegen frå dette krysset.

Dei foreslår andre tiltak.

– Vi ønskjer utbetring av vestenden av Hansholen med gangfelt, og at vegen vert regulert som tilkomstveg til Hansholen. Då har både Eliholen og Hansholen ein tilkomstveg frå E39. Eller at berre Eliholen vert med i den nye vegen til Melsvegen, då det er dei som har eit problem med å ikkje køyre opp Osgeila. Vi er nøgde med dagens løysing, sett vekk frå at vestenden av Hansholen burde hatt gangveg.

Oppsitjarane meiner at ein open og lovleg veg mellom Rystefeltet og Melsvegen via Hansholen vil forverre trafikksikringa kraftig samanlikna med korleis ting fungerer i dag.

– Vi aksepterer ikkje at austenden av Hansholen vert forlenga til Melsvegen på grunn av den mengda med trafikk som vil kome frå Rystefeltet og gi dei same trafikkutfordringane for våre barn, som dei på nedre Ose har no, skriv dei.