Ole Jørgen Olsvik (40) i Årsetdalen på Vartdal står utanfor huset og ser på dottera Julie (11) og sonen Marius (9) som er i full aktivitet på plattingen. Hadde han fått velje sjølv hadde han vore med på leiken, eller kanskje teke dei med på eit av fjella som omkrinsar dei frå alle kantar. Men det går ikkje. I 2005 vart Olsvik diagnostisert med Multippel Sklerose (MS). Det siste året har helsetilstanden vorte dårlegare.

– Eg har hatt ei mild form av MS, og har hatt gode medisinar. Eg har difor klart å halde meg aktiv alle desse åra, men i det siste har ikkje medisinane bite like godt frå seg. Det siste året har eg vorte dårlegare. Sjukdomen har gått ut over gangen og overskotet eg har i kvardagen.

Aktiv

For ein mann som gjennom heile livet har vore svært aktiv, har det ikkje vore berre enkelt å gi slepp på dei aktivitetane han er så glad i. Fjella må han nyte frå bakkenivå. Å vere med sambuaren og ungane ut i skog og mark er vanskeleg til fots. Det er også vanskeleg å ikkje få vere med. Ønsket om å verte betre, eller i alle fall stoppe utviklinga av sjukdomen, gjorde at han bestemte seg for å søke om stamcellebehandling. Dette er eit tilbod svært få MS-pasientar får i Noreg i dag, og også Olsvik fekk avslag.

– Eg vart ikkje godkjent. Kvifor kan eg ikkje seie noko om, men svaret var nei.

Sjukdomen er ikkje mogleg å kurere, men det er mogleg å halde han i sjakk med medisinar, eller såkalla stamcellebehandling. Det går ut på å hente stamceller ut av kroppen til pasienten, bruke cellegift for å ta knekken på immunforsvaret, for så å sette friske stamceller tilbake i kroppen, som kan utvikle seg til eit nytt og friskare immunsystem. Det er ikkje snakk om operasjonar, då alt går føre seg gjennom blodet. For mange kan det halde sjukdomen i sjakk i fleire år. Nokre kan også verte betre, og nokre kan verte dårlegare.

Sverige

– Det var ikkje berre enkelt å bestemme seg for å søke om denne behandlinga, men vi kom fram til at det var denne sjansen eg hadde. Eg har også ein kamerat i Kongsvinger som har gjort dette, og som har vore stabil i fleire år etter. Det motiverte meg også. Eg har nådd eit punkt der eg følte at eg måtte ta grep før eg vart for dårleg til å kunne få denne typen behand

ling. Eg søkte difor om behand-ling i Sverige, utan for mykje håp om å få positivt svar der

heller. Eg besøkte sjukehuset, og vart grundig sjekka av fem ulike legar. Så var det berre å vente på svar.

Tida gjekk. Ein vårdag han var på veg til Gurskebotnen på fotballkamp med dottera, kom det ein e-post inn på telefonen hans. Der stod det at Karolinska Institutet ville utføre stamcellebehandlinga på han, og det innan kort tid.

– Eg hugsar ikkje så mykje frå den kampen må eg innrømme. Eg var der, men hovudet var noko tåkete.

Dyrt

Eitt problem stod att. Behandlinga måtte Olsvik og familien finansiere sjølve. Prislappen: 750.000 kroner pluss reisekostnader. Og pengane skulle verte betalt inn før han tok turen til Sverige.

– Det er vel få som har så mykje pengar ståande klar på konto, og det var aldri ein plan at vi skulle knekke ryggen økonomisk på dette, men vi løyste det på eit vis, slik at eg fekk reise. 12. mai fekk eg første behandling.

Og det er her historia eigentleg startar. Gode vener stiller opp for kvarandre, og Olsvik har mange av dei. Det vart starta kronerulling, utan at familien visste om det, og på kort tid er det samla inn om lag 600.000 kroner.

– Då eg fekk vite om dette vart det nok litt for mykje for ein sindig dalagut. Eg sette meg rett ned og græt. Det er fantastisk. Det er umogleg å skildre med ord kor takksam eg er. Det vert auksjonert vekk alt frå tjukkelestar til kasser med fisk og strikketøy. Alle stiller opp, både private og næringsliv. Der vil eg også framheve Vartdal Plast, arbeidsplassen min. Dei har vore unike. Eg veit ikkje korleis eg nokon gong skal kunne få takka alle saman nok. Noko rett må eg ha gjort i livet sidan så mange stiller opp for meg på denne måten - og ikkje berre økonomisk, bygdefolket er meir enn villige til å hjelpe til med praktiske ting også. Det betyr uendeleg mykje.

Første behandling 12. mai var ein cellegiftkur. Andre behandling 22. mai var å hente ut stamceller. Han var ein ypparleg pasient. Der folk kanskje må ligge ein heil dag for å få henta ut måltalet på fem millionar stamceller, fekk Ole Jørgen Olsvik ut mellom 12 millionar og 15 millionar på berre eit par timar. Neste steg er å få ny kur med cellegift, og så føre stamcellene tilbake i kroppen. Det skjer truleg rett over sommaren.

– Eg responderer bra på behandlinga. Eg er positiv, men realistisk med tanke på korleis dette skal gå. Men målet er sjølvsagt å kome seg ut i full jobb igjen, og å få vere aktiv saman med familien.

Med heile bygda i ryggen, kjenner han i alle fall at kamplysta er til stades, i aller høgste grad. God motivasjon ligg det også i ungane.

– Eg håper at pappa skal verte betre. Og at han skal få tilbake alt håret han har mista, er ønsket frå Julie, som får eit stort smil frå pappa i respons.

VEd godt mot: På plass i Sverige og hentar ut stamceller frå blodet. Neste tur vert over sommaren. Foto: privat Foto: privat