Det er Norsk Kulturskuleråd i samarbeid med Norsk Tippings som deler ut draumestipenda. Stipenda er på 10.000 kroner, og totalt er det hundre stipend som vert delt ut i Noreg per år.

To av stipenda kom til Ørsta og Volda. Marie Haugen frå Ørsta drøymer om å verte biletkunstnar, medan Åsmund Arnesen Farstad frå Volda har ein draum å verte musikar. Han spelar fiolin og hardingfele.

Stipenda vart delt ut under eit samkome på Kunsthuset i Ørsta onsdag kveld, og til stades var ordførarane Stein Aam og Jørgen Amdam. Det var Aam som delte ut stipendet til Haugen.

– Eg er stolt og glad over å kunne dele ut eit slikt stipend. Det er kjekt å oppleve at ungdom stormar fram, sa Aam.

Marie Haugen takka for stipendet. Det er som biletkunstnar ho har fått stipendet, sjølv om ho også er ein aktiv musikar med saksofon som instrument.

– Eg byrja å teikne som trettenåring, og har sidan vore oppteken av å utvikle meg. Alle har lyst til å ha eit eige uttrykk, og det er viktig for meg å finne min eigen stil, fortalde Marie

Ho teiknar mykje med digitale verktøy, og med ymse programvarer føler ho seg fram for å finne det rette uttrykket.

– Stipendet skal eg bruke til innkjøp av eit nytt digitalt teiknebrett, fortel Marie.

Ordførar i Volda, Jørgen Amdam, delte ut stipendet til Åsmund Arnesen Farstad. Han la vekt på at Volda kommune satsar på kunst og kultur.

– Vi er no nominerte som ei av dei ti fremste musikkommunane i landet. Åsmund har stått på for å kome dit han er, sa Amdam.

Åsmund Arnesen Farstad har fiolinen som hovudinstrument. Han er konsertmeister i ungdomssymfoniorkesteret, men satsar også på folkemusikk.

– Stipendpengane skal eg nytte til ei ny hardingfele, fortalde han.

Han takka nyleg avlidne Knut Ose for inspirasjonen til å satse på musikk og felespel.

– Eg har alltid sett opp til Knut Ose. Han var læraren og mentoren min, fortalde Åsmund.

Under samkomet var det også helsingar frå kulturskulane og frå foreldra. Pappa Arnfinn Haugen hadde ei klar oppmoding.

– Syt for at rammene til kulturskulane er slik at alle talenta får vakse, sa han.

Draumestipend: Ordførar Stein Aam, tipendvinnarane Marie Haugen og Åsmund Arnesen Farstad og ordførar Jørgen Amdam. Foto: Rune Sæbønes
Spelte saksofon: Marie Haugen spelte saksofon under utdelinga. Foto: Rune Sæbønes