Vi spaserer over dei sommargrøne markane på den ytste delen av den freda og fredslege Raudøya. Vi er på veg til ein flokk villsauer. Fuglesongen er sterk og variert, og Arne Ola Grimstad vert ornitolog når vi høyrer og ser fuglane Heilo som ropar til kvarandre.

Vi kjem til gards, til det kvite eldgamle, men godt vedlikehaldne huset, og den gamle raude løda. Villsauene skal lokkast fram.

– Korri, korri. Korri, korri, ropar Arne Ola og ristar ei bøtte med kraftfor. Sauene reagerer raskt og lagar lyd. Eg må trekkje meg litt vekk då sauene ikkje kjenner meg. For dei kan vere skjerre mot framande. Flokken kjem springande og lamma dansar seg fram frå sitkagranene og den svale skuggen. Vêren Blåmann, ein kraftig kar med horn som kan skremme ein kvar, er i front. Det var to vêrar i flokken, men den eine kunne vere litt trugande, så han vart forvist.

Tame

Ifølgje Arne Ola er villsauen både svært intelligent, og uttrykket «dum som ein sau» vil han ikkje høyre snakk om. Og så er dei som geitene: Dei likar godt folk dei kjenner.

– Dei kan verte veldig tame. Ja, sauen Nora er uoppdragen på den måten at ho vil opp i fanga våre heile tida for å få godsaker. Endå «verre» var det med mor til Nora, som vaks opp på Brudavollen. Ho vart oppdregen som ei bikkje, humrar Arne Ola.

Ikkje nok med det: I fjor var der ein vêr i flokken som ifølgje saueeigaren trudde han var eit menneske.

– Då vi tok laust med båten, sprang han etter og hoppa på sjøen!

Dyra et litt før villsau-gjetaren leitar fram eit tau. Arne Ola fangar eit par, og bitt dei i gjerdet. No skal den tjukke ulla, med restar av barnåler og rusk, av. Men sauene skal ikkje klippast. Dei skal nappast.

– Sauene sveittar, så dette likar dei.

Margot Grimstad, Arne Ola sin ektemake, er også med og tek del i den årvisse avkledninga av gammal ull. Sauene ser ut til å nyte det, for dei står heilt stille medan forsiktige hender nappar ramsalt ull som toler ei vinternatt og meir enn det.

– Villsauen frys aldri, ja, berre moskusoksen er betre isolert. Villsauen vert heller ikkje våt, sjølv kor mykje det regnar.

– Sauen har to ullag, eit botnlag, og så ligg dekkhåra ytst og fungerer som takstein. Og det er faktisk slik at når vatn kjem i kontakt med feittet og saltet i sveitten på sauen, så dannar det seg såpe på han. Difor er villsauen gullande rein etter ei regnskur. Og vi som nappar sauene får veldig fine hender, fortel Arne Ola.

God smak

Dei første villsauene kom til Raudøya i 1999. Ein liten flokk på tre søyer og ein ver. I dag tel flokken 22 sauer og 27 lam. Dei er eigd av Bjørg Halse, Eva Bornstein og Arne Ola Grimstad. Dei driv økologisk, og sel både slakt og skinn etter at dyra har vore innom slakteriet til Ringdal på Hellesylt i oktober.

– Ein villsau kan ikkje ha det finare enn på Raudøya der dei beitar på eit par hundre mål. Her er ideelle forhold, sjølv om både kongeørn, ramn og hønsehauk har teke lam, men sjeldan.

Villsau er populært, og det er ingen problem å verte kvitt slakta.

– Villsau smakar betre enn vanleg sau, han er mildare på smak, og finare fibrar enn på vanleg sau gjer kjøtet mørare, og kjøtet vert marmorert, reklamerer sauebonden.

Arne Ola Grimstad kastar skjorta i varmen og slepp nok ein villtam sau fri.

Så spring han av garde med flunkande ny sommarsveis

Flokk: I dag er det 22 sauer og 27 lam på Raudøya. Mange av dei hamnar på slakteriet på Hellesylt i løpet av hausten. Foto: Roy-Arne Folkestad
kos: Margot Grimstad synest det er koseleg å ta turen til Raudøya for å nappe sauene. Foto: Roy-Arne Folkestad
Lokkar: Arne Ola har lokka fram sauene frå sitkagranene. Kraftfor er som sjokolade for ein villsau. Foto: Roy-Arne Folkestad
vêr: Blåmann er einaste herremann i flokken. Han parar seg for livet under måneskin kvar haust, konstaterer Arne Ola Grimstad. Foto: Roy-Arne Folkestad