– Eg meiner framleis det er grunnlag for å gi dispensasjon her, sa utvalsleiar Inge Kolås (Frp) då samfunnsutvalet diskuterte klaga på eit vedtak om å seie nei til å tillate bygging av eit naust ved Vatnevatnet i Åmdalen. Det er Geir Nybø som vil bygge naustet, og som klaga på vedtaket.

Administrasjonen meinte det ikkje var grunnlag for å ta klaga til følgje, og rådde til å halde på avslaget samfunnsutvalet vedtok tidlegare i år. Den gongen var det berre Inge Kolås som røysta for å gi dispensasjon frå kommuneplanen.

Sakshandsamar Magnar Selbervik skriv i utgreiinga at området ligg i eit område som i kommuneplanen sin arealdel er meint skjerma mot utbygging. Ei utfylling i sjøen og bygging av naust her vil uthole planen og etablere ei føring for andre som ønskjer å bygge i strid med planen og privatisere strandsona. Han viser også til omsynet til ål og våtmarksfugl som held til ved og i vatnet.

Nybø meiner det førre vedtaket la til grunn feil avstand til fylkesvegen, og at ei utfylling i vatnet vil gjere strandlina finare og ikkje vere til hinder for fri ferdsel eller gjere skader på førekomst av ål eller våtmarksfugl.

Kolås la fram eit kompromissframlegg, som søkaren skal ha godteke. Dette gjekk på å gjere naustet kortare og vri det, slik at behovet for utfylling blir mindre.

– Dette kokar ned til om vi skal tillate utfylling i vatnet eller ikkje, så enkelt er det, sa Karl Asgeir Sæbønes (Sp) som signaliserte at han ikkje ville gå med på kompromissframlegget.

– Poenget her er ikkje at vi prøver å vere vanskelege eller at vi ikkje ønskjer at han skal få bygge seg naust. Men ein dispensasjon i denne saka vil skape ein presedens som vi ikkje kan tillate, sa Astrid Bjørdal (Ap).

– Eg er for at han skal få bygge naust, men akkurat her er det for vanskeleg å få til, la Roger Vartdal (KrF) til.

– Eg hadde ønskt at vi gav ein dispensasjon her, men eg blir korkje lei meg eller vonbroten om vi ikkje gjer det. Det må eg finne meg i, svarte Inge Kolås på innlegga frå utvalsmedlemene.

I voteringa var det berre utvalsleiar Kolås og Einar Holsvik (H) som røysta for å gi dispensasjon.

Saka går no til fylkesmannen for endeleg klagehandsaming.