TRONDHEIM (smp.no): Kristiansund kommune har anka dommen dei tapte i tingretten og akkurat no går saka føre seg i Frostating lagmannsrett i Trondheim.

I førre runde forsøkte kommunen utan hell å få gjennomslag for at prosessen var rigga og at avgjerda bestemt på førehand. I ankesaka blir det fokusert meir på sakshandsaming og økonomi.

Blant anna vart tomtevalet teke 17. desember 2014 i Møre og Romsdal, og dagen etter i styret til Helse Midt-Norge. 19. desember tok helseministeren den endelege avgjerda.

Ville først ha sjukehuset til Kristiansund

Petter Bjørdal frå Ørsta vart tunga på vektskåla i styret i Helse Møre og Romsdal. Store delar av hausten, og kort tid før, ville han at sjukehuset skulle leggast til Kristiansund på grunn av sokkelberedskap og for stor reiseavstand for ein del pasientar som bur på Smøla og liknande på Nordmøre.

I retten forklarte Bjørdal kvifor han snudde, og hovudargumentet var at det kom på bordet ein økonomisk analyse som viste at vaktsamarbeid med Ålesund sjukehus ville gi prosjektet økonomisk bereevne. I tillegg forklarte Bjørdal at han meinte det ville bli pasientlekkasje frå Romsdal til Ålesund om sjukehuset vart plassert i Kristiansund.

Kostnadane vart skissert opp mot 5,8 mrd. kroner då, og Bjørdal frykta sjukehuset kunne bli endå dyrare ved byggjestart i 2018.

I dag er prognosane på 4,2-4,8 mrd. kroner med 70 prosent lånefinansiering.

Difor landa han på Molde

– Journalistar kallar det å snu, og eg forstår den journalistiske vrien, men eg kallar det ei samla vurdering. Når du får alle sakspapir på bordet, då må du gjere ei samla vurdering. Eg skal vere ærleg på at sokkelberedskap og nærleik for helikopter reint flymessig var viktig for meg tidleg, med tanke på kortare reisetid, forklarer Bjørdal om kvifor han først meinte Kristiansund var det beste alternativet.

– Kva gjorde at du landa på Molde?

– Samarbeid med Ålesund sjukehus vart viktig fordi det har med økonomisk bereevne å gjere og storleiken på omstillingsbehovet, seier Bjørdal, og nemner samtidig samling av funksjonar og tilsette.

Ørstingen dreg fram eit døme frå Voss der ein kreftpasient bad om eit bilde av alle som hadde handsama han. Det viste seg å vere over 70 personar.

Vaktsamarbeid

Bjørdal sa i 2014 at han trudde sjukehuset vart mindre og billegare med plassering i Molde. Dette beklaga han i retten, og sa at han ikkje hadde kunnskap nok til å uttale seg om det.

– Talet på kvadratmeter ville vore likt i begge alternativ, presiserer han over smp.no.

– Var samarbeid mellom Ålesund og Molde hovudargumentet ditt?

– Ja. Det var det eg såg som gjorde at det vart økonomisk berekraft i prosjektet for meg.

På slutten av 2014 og i ettertid har det kome fram eit omgrep som blir kalla for cluster-modellen. Dette skal handle om denne typen samarbeid mellom sjukehus.

Bjørdal drog også heim til Astrid Eidsvik i etterkant av den dramatiske avgangen hennar 4. desember 2014. Han seier at dei to hadde ein positiv og god dialog under dette møtet, utan at Eidsvik avslørte kva ho ville tilrådd dersom ho hadde stått i stillinga.

Saka vart først publisert på smp.no.

Av Torbjørn Eidhammer, Sunnmørsposten