Kommunen gav stoppordre i den aktuelle saka i november i fjor. Mannen hadde då utført arbeid både på sin eigen eigedom, og det var gjort skade på ein steingard på naboeigedomen.

Deretter varsla kommunen at dei ville kome med pålegg om å legge fram byggesøknad på arbeidet. Dette vil også medført nabovarsling og høve for naboar og andre råka til å uttale seg. Dette pålegget vart påklaga og saka vart send til samfunnsutvalet.

Utvalet meinte då det var kome ny informasjon om at mannen ville sende inn ein søknad, og dei vedtok å sende saka tilbake til administrasjonen for ny handsaming.

Det har ikkje kome nokon byggesøknad, og mannen har halde fram arbeidet. Ifølgje administrasjonen har det ført til ytterlegare skade på steingarden.

Sakshandsamar Kåre Hjelle meiner vedtaket i samfunnsutvalet ikkje har anna faktisk innhald enn at det har oppheva administrasjonen sitt stoppvedtak i saka.

– Underteikna har oppfatta vedtaket som eit tydeleg signal om å «halde fingrane frå fatet», skriv Hjelle i eit notat til assisterande rådmann Eldar Rune Øye.

Han legg til at kommunen har fått fleire telefonar frå personar som reagerer på at mannen får lov til å halde fram med gravearbeidet. Hjelle seier då han ikkje kan gi anna tilbakemelding enn at administrasjonen si sakshandsaming er parkert.

– Samfunnsutvalet sitt vedtak har ikkje berre stogga saka, den har også fråteke råka partar moglegheita til å uttale seg eller klage på kommunen si sakshandsaming, skriv Hjelle.

Notatet vart lagt fram som referatsak i samfunnsutvalet tysdag. Fleire i utvalet var forundra over at vedtaket i utvalet hadde før til ei slik utvikling i saka.

– Vi sette som føresetnad at han leverte ein søknad. Om han ikkje har levert søknad, men halde fram arbeidet, så har han brote den føresetnaden. Då har kommunen fullt høve til å gripe inn, slik eg ser det, sa Karl Asgeir Sæbønes (Sp).

Utvalsmedlemene gav signal til administrasjonen om at dei ønskjer at saka blir følgt opp, og administrasjonen kjem truleg til å ta tak i saka igjen no.