Det kom fram under den politiske debatten under Hjørundfjorddagen på Sæbø pinseaftan. Der sa stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal at han ønskjer ei styrt avvikling av denne næringa som er særs viktig for m.a. Norangdal, tyngdepunktet for pelsdyr i Møre og Romsdal.

– Ap si linje er å gå inn for ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa der omstillingsmiddel for etablering av ny landbruksverksemd basert på gardane sine ressursar vert stilt til rådigheit, sa Holen Bjørdal.

Leiar i Ørsta Arbeidarparti, Karen Høydal, er usamd med partifellen.

Glade i dyr

– Det bør framleis vere høve til å drive med pelsdyr. Eg har vore på Øye og sett på drifta, og kunne ikkje sjå noko urovekkande ved den. På Øye finn ein oppdrettarar som er glade i dyra og som driv med pelsdyr på ein skikkeleg og ansvarleg måte. Folk som driv på ein måte som kan vere til skade for dyr, og som driv i grense mot mishandling, må ikkje få halde fram. Det har vore dyretragediar i Ørsta som har gått utover andre dyr enn pelsdyr. Men ein kan ikkje ramme heile næringa av den grunn. Eit generelt forbod mot pelsdyr vil øydeleggje viktige bygdenæringar og utarme lokalsamfunn som til dømes på Øye, seier Høydal.

Skulle det kome ei styrt avvikling meiner Høydal dette i så fall bør ha lang tidsramme, og kanskje gjelde ved eigarskifte eller i høve til generasjonsovertaking.

Redaktør i Møre-Nytt, Rune Sæbønes, leia debatten på Sæbø i eit viktig år for partia, med stortingsval i september. Deltakarane i debatten var Lage Nøst (MDG), Fredric Holen Bjørdal (Ap), Anders Riise (H), Lena Landsverk Sande (V), Geir Inge Lien (Sp) og Knut Flølo (Frp).

Det var ulike syn for om pelsdyrnæringa i Noreg skal ha ei framtid eller ikkje. MDG vil avvikle pelsdyrnæringa raskast råd då dei går imot å ha ville rovdyr i bur. Dei vil også gi kompensasjon til oppdrettarane.

Hareid-ordførar Anders Riise (H) vil halde oppe næringa.

– Dette er ei viktig næring som eit supplement i distrikta og eg støttar pelsdyr fullt og heilt, sa Riise.

Vanylven-ordførar Lene Landsverk var like krystallklar i sitt syn, og ho kom med sterke påstandar:

– Venstre vil ikkje halde fram med pelsdyr grunna dyrevelferda. Dyra skal ha det bra uansett. Innan pelsdyr brukar ein ikkje dyra i det heile og ein bryr seg ikkje om korleis dyra har det og korleis dei lever, hevda Landsverk.

Tilsyn

Geir Inge Lien (Sp): – Senterpartiet vil framleis ha pelsdyr. Pelsdyra i Noreg har det veldig bra, er underlagt strenge tilsyn, sa Lien. Knut Flølo (Frp) var samd:

– Pelsdyr er viktig som tilleggsnæring i grisgrendte strok.

Landbrukspolitikk generelt var også eit av fleire tema under debatten. Og der kom det fram at Fredric Holen Bjørdal forsvarar at Stortinget denne gongen forkasta staten sitt tilbod i landbruksoppgjeret, dette sjølv om Ap tidlegare har hatt som prinsipp at staten sitt tilbod skal gjelde ved brot i forhandlingane.

– Er de for redde Senterpartiet no, Holen Bjørdal, spurde ordstyraren.

– Nei, det er fordi det ikkje er normaltilstand i landbrukspolitikken fordi Frp styrer landbruksdepartementet. Det vart lagt fram eit tilbod til bøndene som vil auke inntektsskilnadene mellom bøndene og andre. Dette er stikk i strid med det Stortinget sette som mål for landbruket sin landbruksvekst. Regjeringa la fram eit opplegg som var så dårleg at vi ikkje kan vere med på det. Denne politikken favoriserer berre dei store innan landbruket, hevda Holen Bjørdal.

Nøgd

Monica Jeanett Furnes Andersen, leiar for Hjørundfjorddagen, var nøgd med arrangementet.

– Heile arrangementet gjekk veldig bra. Vi var kjempeheldige med vêret etter at det ei stund ikkje såg så lovande ut. Det kom bra med folk også på dagtid sjølv om vi ikkje annonserte så godt, og satsa på Facebook og nettet, seier Furnes Andersen.

Kring 630 kom på dansen med Rotlaus, og stemninga var god.

– Dette gav meirsmak. No skal vi evaluere. Eg håper på ein ny Hjørundfjorddag neste år, seier Andersen.