(Fjordingen.no): Namnenemnda i Eid og Selje gjekk tysdag inn for at Selja bør bli namnet på den nye kommunen når Eid og Selje slår seg saman i 2020.

Nemnda hadde på førehand plukka ut tre aktuelle namn til ei innbyggjarundersøking, etter at folk flest hadde kome med ei rekkje forslag. Dei tre namna var Selja, Eid og Stadt. I innbyggjarundersøkinga sist veke vart eit representativt utval på 500 personar i dei to kommunane oppringde. Resultatet vart at 168 personar (34%) ville ha Eid, 153 personar (31%) ville ha Stadt, medan 124 personar (25%) ville ha Selja som kommunenamn. Dei resterande 55 personane (11%) hadde inga meining eller ville ikkje ha nokon av dei tre namna.

Nemnda tilrår med andre ord at det namnet som fekk minst tilslutning i innbyggjarundersøkinga, skal bli valt. Saka går no til handsaming i formannskapa i Eid og Selje. På felles kommunestyremøte 22. juni fell avgjerda.

Hans Holmøyvik/Fjordingen

Saka vart først publisert hos Fjordingen.